top of page

Siste nyhende




 

Onsdag 17. april kl. 18.00 i lokala til SpareBank 1 SR-Bank Bogsnesveien  3A , 5460 Husnes.

Er du kunde i SpareBank 1 SR-Bank og har bustadadresse i Kvinnherad kommune,

kan du vera med å velja medlemer til generalforsamlinga i SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad. Vala vert kvar vår kunngjort ved lysing i lokalavisene i Kvinnherad, her på heimesida og på facebook.

All informasjon til valet finn du her : https://www.kvinnheradstiftinga.no/val


Ordførar Vegard Bjørnevik og styreleiar i Fjellhaugen skisentar  Sissel Haugen i full konsentrasjon . Kvinnherad Breiband og SpareBank 1 stiftinga passar på at bandet blir halde stramt. Foto: KBand

Foto: Fjellhaugen Skisenter


Nytt lys i Fjellhaugen Skisenter

Gratulera så mykje til Fjellhaugen skisenter med eit godt og vel gjennomført prosjekt. Jammen er Kvinnherad heldig som har ein slik aktiv dugnadsgjeng som står på.

Det er ingen sjølvfølge at vi har personar som trør litt ekstra til både i helger og etter arbeid. Men her har dei altså klart noko mange lag og organisasjonar slit med i desse dagar. For ikkje mindre enn 60 personar står på dugnadslista for å leggje alt til rette for stor aktivitet i fjellet. Slå den!

Formålet til Fjellhaugen skisenter er å bygge og drive skitrekk samt legge forholda til rette for eit aktivt skimiljø i distriktet. Resultatet av eit slikt formål ser vi verkeleg att.

Igjen; Gratulera så mykje, og tusen takk for at dåke er med på å gjera Kvinnherad til ein endå betre stad å bu.


Karusellrennet i full gang Foto: SpareBank 1 Stiftinga Kvinnherad

Eit yrande liv i løypene Foto: SpareBank 1 Stiftinga Kvinnherad

Foto: SpareBank 1 Stiftinga Kvinnherad

 Foto: SpareBank 1 Stiftinga Kvinnherad


Sissel Haugen i drøs med Torill Lyngnes, Magnhild Haugland og Maren Haugland Foto: KBand






Hipp hurra for nye gåver. Gratulerer til kvar og ein. Dette er siste tildeling av gåver inntil kr 30 000 før hovudtildelinga i april.

Søknadsportalen er no stengd fram til 23. april.



Send oss gjerne bilete frå dykkar prosjekt!

bottom of page