top of page
  • Forfatterens bildeBente Lie Nilsen

Nytt lys i Fjellhaugen skisenter


Ordførar Vegard Bjørnevik og styreleiar i Fjellhaugen skisentar  Sissel Haugen i full konsentrasjon . Kvinnherad Breiband og SpareBank 1 stiftinga passar på at bandet blir halde stramt. Foto: KBand

Foto: Fjellhaugen Skisenter


Nytt lys i Fjellhaugen Skisenter

Gratulera så mykje til Fjellhaugen skisenter med eit godt og vel gjennomført prosjekt. Jammen er Kvinnherad heldig som har ein slik aktiv dugnadsgjeng som står på.

Det er ingen sjølvfølge at vi har personar som trør litt ekstra til både i helger og etter arbeid. Men her har dei altså klart noko mange lag og organisasjonar slit med i desse dagar. For ikkje mindre enn 60 personar står på dugnadslista for å leggje alt til rette for stor aktivitet i fjellet. Slå den!

Formålet til Fjellhaugen skisenter er å bygge og drive skitrekk samt legge forholda til rette for eit aktivt skimiljø i distriktet. Resultatet av eit slikt formål ser vi verkeleg att.

Igjen; Gratulera så mykje, og tusen takk for at dåke er med på å gjera Kvinnherad til ein endå betre stad å bu.


Karusellrennet i full gang Foto: SpareBank 1 Stiftinga Kvinnherad

Eit yrande liv i løypene Foto: SpareBank 1 Stiftinga Kvinnherad

Foto: SpareBank 1 Stiftinga Kvinnherad

 Foto: SpareBank 1 Stiftinga Kvinnherad


Sissel Haugen i drøs med Torill Lyngnes, Magnhild Haugland og Maren Haugland Foto: KBand





77 visninger0 kommentarer
bottom of page