Utbytte frå Sparebank 1 Sør-norge

Aksjar i SpareBank 1 Sør-Norge

Eigar i SpareBank 1 Sør-Norge

Om stiftinga

SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad vart skipa 1. november 2010 med forretningskontor i Kvinnherad Kommune.

Forstandarskapet i Kvinnherad Sparebank og representantskapet i SpareBank 1 SR-Bank gjorde i møter den 28. juni 2010 vedtak om at dei interesser, som bankane representerte, ville vera best tente med at sparebankverksemda i Kvinnherad Sparebank vart overteken og vidareført gjennom SpareBank 1 SR-Bank.

Samstundes vart det vedteke at Kvinnherad Sparebank etablerte ei stifting som skal fremja sparebankverksemd i tidlegare Kvinnherad Sparebank sitt marknadsområde gjennom å eiga eigenkapitalbevis og disponera utbyte til ålmennyttige føremål.

Stiftinga sitt føremål er å forvalta eigenkapitalbevis som stiftinga vart tilført ved skipinga, og å stå for eit langsiktig og stabilt eigarskap i SpareBank 1 Sør-Norge. 

Stiftinga skal i tillegg plassera midlane på ein føremålstenleg og trygg måte ut frå omsynet til trygd, risikospreiing, likviditet og avkasting. 

Stiftinga sitt føremål skal vidare vera å gje bidrag til ålmennyttige føremål.

Styrande organ

Generalforsamling

Generalforsamlinga er det høgaste organet og har som hovudoppgåve å velja styremedlemmer, føra tilsyn med stiftinga si verksemd og etter framlegg frå styret vedta den økonomiske ramma for gåveutdelingar.

Generalforsamlinga skal ha 15 medlemer og 5 varamedlemer.

Generalforsamlinga si samansetjing skal spegla kundestrukturen i Kvinnherad Sparebank som oppretta stiftinga, andre interessegrupper og samfunnsmessige interesser knytt til sparebankstiftinga si verksemd.

Martha K Nærhus
Leiar
Valen
Kundeval – 2024

Gunnhild N. Hillestad
Medlem
Herøysundet
Kundeval – 2023

 

Bård H.Grov
Medlem
Husnes
Kundeval – 2025

 

Bjørn Røssland
Medlem
Husnes
Kundeval – 2022

 

Oddmund Røssland
Medlem
Husnes
Kundeval – 2022

 

 

Per Rørvik
Nestleiar
Husnes
Kundeval – 2025

 

Geir Ove Fosse
Medlem
Dimmelsvik
Kundeval – 2025

 

Arne Langeland
Medlem
Husnes
Kundeval – 2022

 

Laila Merethe Haukenes
Medlem
Varaldsøy
Kundeval – 2025

Marianne Helvik
Medlem
Rosendal
Kundeval – 2024

 

Ann Kathrin Røssland
Medlem
Sunde
Kundeval – 2023

 

Klara Bakke
Medlem
Uskedalen
Kundeval – 2023

 

Egil Heimvik
Medlem
Utåker
Kundeval – 2024

 

Steinar Haugland
Medlem
Uskedalen
Kundeval – 2024

Jannicke Næs Sundal
Medlem
Mauranger
Kundeval – 2025

 

Inger Johanne Hauge
Varamedlem
Rosendal
Kundeval – 2025

Lisbeth Andresen
Varamedlem
Ølve
Kundeval – 2025

Vivian Teigen
Varamedlem
Sunde
Kundeval – 2025

Jan Erik Ersland Varamedlem
Sandvoll
Kundeval – 2025

Sindre Dahle
Varamedlem
Ølve
Kundeval – 2025

 

 

 

Valkomite

Valkomitéen førebur og står for vala av innskytarrepresentantar til generalforsamlinga i eit eige valmøte, og førebur og står for alle vala i den ordinær generalforsamlinga (Generalforsamlingsleiar, styre, styreleiar, valkomité).

Arne Langeland
Leiar
Husnes
Kundeval – 2024

Gunnhild N. Hillestad
Nestleiar
Herøysund
Kundeval – 2023

Marianne Helvik
Medlem
Rosendal
Kundeval – 2023

Jannicke Næs Sundal
Medlem
Mauranger
Kundeval – 2025

Egil Heimvik
Medlem
Utåker
Kundeval – 2024

Styret

Styret har det mynde og ansvar som føl av den til ei kvar tid gjeldande lovgjevinga og vedtektene til stiftinga. Styret skal m.a. forvalta stiftinga sine midlar, syta for utdeling av gåver innan dei økonomiske rammene som generalforsamlinga har vedteke og følgja opp dagleg leiar. Styret har eigen styreinstruks.

Jan Magnus Aasen
Leiar
Ølve
Valår – 2025

Anne Kari Enes
Varamedlem
Husnes
Valår – 2025

Hilde Solli
Medlem
Løfallstrand
Valår – 2025

Vidar Ølfarnes 
Varamedlem
Utåker
Valår – 2025

 

 

Gunnar Våge
Medlem
Løfallstrand
Valår – 2024

Hildegunn E. Aarthun
Nestleiar
Valen
Valår – 2024

Yngvar Skarveland
Fastmøtande vara
Sandvoll
Valår – 2025

Administrasjonen

Bente Lie Nilsen
T: 924 44 714
E: Bente@sb1sk.no

Dagleg leiar

Administrasjonen ved dagleg leiar har ansvaret for den daglege drifta av stiftinga.

Vedtekter for SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad

Skipa 1. november 2010
Vedtekter vart sist reviderte av Generalforsamlinga 20.08.2024

§ 1-2 Føremål

Stiftinga sitt føremål er å forvalta dei eignelutar som stiftinga vart tilført ved skipinga, og å stå for eit langsiktig og stabilt eigarskap i SpareBank 1 SR-Bank ASA.

Stiftinga skal i tillegg plassera midlane på ein føremålstenleg og trygg måte ut frå omsynet til trygd, risikospreiing, likviditet og avkasting.

Stiftinga sitt føremål skal vidare vera å gje bidrag til ålmennyttige føremål. Ved disposisjonane sine skal stiftinga først og fremst ta omsyn til det distriktet som har bygd opp kapitalen til tidlegare Kvinnherad Sparebank.

Ved verksemda si skal stiftinga støtta SpareBank 1 SR-Bank ASA i deira vidareføring av sparebanktradisjonane.

Elles kan stiftinga stå for anna verksemd som kan sameinast med nemnde føremål og dei rammer som til ein kvar tid fylgjar av regelverket for sparebankstiftingar.

Etiske retningsliner for SpareBank 1 Stiftinga Kvinnherad

Desse etiske retningslinene inneheld dei forventningar og krav til aktsemd som SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad stiller til seg sjølv, medlemer av styrande organ og tilsette i stiftinga.

Generelt
Føremålet med dei etiske retningslinene er å sikre at gåvesøkjarar, styresmakter, leverandørar, samarbeidspartnarar og ålmenta har tillit til at Sparebank 1-stiftinga Kvinnherad, vidare kalla Stiftinga, har integritet og opptrer profesjonelt.
Stiftinga skal halde ein høg etisk standard som medverkar til at Stiftinga har tillit og eit godt omdøme.
Stiftinga sine etiske retningsliner er forankra i vedtektene og gjeldande lovverk og vedtekne i styret.
Retningslinene gjeld for tilsette og tillitsvalde i styrande organ.

Påverknad og interessekonflikt
Stiftinga skal opptre uavhengig og ope. Ein skal vise særleg aktsemd i situasjonar der det kan bli stilt spørsmål om integritet og sjølvstende.

Dersom tillitsvalde eller tilsette ser at det føreligg tilhøve som svekker tilliten til nøytral sakshandsaming, er det den enkelte sitt ansvar å melde frå om dette.
Ein skal ikkje delta i eller påverke i ei avgjerd dersom ein kjem i ein interessekonflikt.
Inhabilitet er nærare skildra i Stiftinga sine vedtekter (SD0001) under §2-10.

Stiftinga forventar også at gåvesøkjarar, leverandørar og samarbeidspartnerar opptrer etisk forsvarleg.

Personleg fordel
Tilsette og tillitsvalde skal ikkje tileigne seg personlege fordeler av Stiftinga sine verdiar, utover det som følger av avtaler og vedtekter.

Ingen må krevje, ta imot eller akseptere tilbod om ein uakseptabel personleg fordel frå Stiftinga sine gåvesøkjarar, leverandørar, samarbeidspartnerar eller andre. Dette kan gjelde gåver, økonomiske fordeler eller andre personlege interesser.

Dersom ein er i tvil om fordelen er uakseptabel eller ikkje, skal dette drøftast i styret eller ein skal spørje næraste overordna om råd. Ein skal då særleg vurdere om den tilsette eller tillitsvalde sin integritet og sjølvstende, og dermed også stiftinga sitt omdøme, kan bli trua om fordelen blir akseptert. Dette er til slutt den enkelte sitt ansvar.

Ved reiser og representasjon skal det leggast vekt på å velje ei nøktern line når det gjeld kostnader til hotell, servering og liknande. Tilsvarande gjeld arrangement i stiftinga sin regi.
For deltaking på eksterne kurs, konferansar og liknande er utgangspunktet at Stiftinga sjølv skal dekke utgifter til reise og opphald.

 

Teieplikt og kommunikasjon
Fortruleg handsaming av informasjon er ein viktig føresetnad for tillit. Alle har teieplikt om fortrulege forhold som dei får kunnskap om gjennom arbeid i Stiftinga. Dette gjeld kunnskap om Stiftinga, gåvesøkjarar, innhald i søknader, leverandørar eller andre.
Stiftinga skal kommunisere ope om verksemda og disponering av økonomiske verdiar. Kommunikasjon skal vere nøytral, sakleg og sannferdig. All handsaming av gåvesøknader skal vere konfidensiell.
Alle gåvetildelingar skal gjerast offentleg kjent. Avslåtte søknader skal ikkje gjerast offentlege kjent.

Forvaltning av verdiar Stiftinga forvaltar store verdiar og opptrer etter forretningsmessige prinsipp. Det skal vere eit mål at ålmenta har tillit til at desse verdiane vert forvalta best mogleg.
Langsiktig, trygg og god forvaltning av økonomiske verdiar er ein føresetnad for eit stabilt og vesentleg eigarskap i SpareBank 1 Sør-Norge, men også for å oppfylle Stiftinga si samfunnsrolle.
Finansforvaltninga skal gjerast i samsvar med eigne retningsliner fastsett av styret (SD 010 Retningsliner for kapitalforvaltninga).

Inkluderande arbeidsmiljø
Stiftinga skal ha eit trygt og inkluderande arbeidsmiljø der trakassering og diskriminering ikkje er akseptert.
Ein skal heller ikkje trakassere eller diskriminere andre, eller sjølv måtte bli utsett for dette.
Tilsette og tillitsvalde skal vise respekt når ein representerer Stiftinga.

Varsling
Mistanke om kritikkverdige forhold i Stiftinga skal varslast snarast.

Internt skal ein varsle til dagleg leiar eller næraste leiar. Den som mottek eit varsel, skal orientere sin overordna om varselet.
Eksterne kan varsle styreleiar eller leiar i generalforsamlinga.

Varsel skal handsamast innan rimeleg tid, slik at forholdet vert undersøkt og retta opp så snart som mogleg.
Ved behov kan ein trekke inn naudsynte ressursar for å handsame varselet på best mogleg måte.

Personleg ansvar
Tilsette og tillitsvalde i Stiftinga har eit personleg og sjølvstendig ansvar for å følgje etiske retningsliner.
I tilfelle der det rår tvil, skal ein ta dette opp med dagleg leiar eller næraste leiar.
Alvorlege brot med retningslinene kan få konsekvensar for arbeidsforholdet eller tillitsvervet. 
SD002 Etiske retningsliner revidert og vedteke på
styremøte nr 10-2025 sak nr. 31

Årsmeldingar

Eigarpolitikk

Frå vedtektene:

Stiftinga sitt føremål er å forvalta eigenkapitalbevis som stiftinga vart tilført ved skipinga, og å stå for eit langsiktig og stabilt eigarskap i SpareBank 1 SØr-Norge ASA.

Ved verksemda si skal stiftinga støtta SpareBank 1 Sør-Norge ASA i deira vidareføring av sparebanktradisjonane.

Grunnkapitalen til stiftinga er på kroner 151.748.350,-

Frå 01.01.2012 vart SpareBank 1 SR-Bank omdanna til aksjebank, og stiftinga vart då eigar av 6.069.934 aksjar i SpareBank 1 SR-Bank ASA, kvar pålydande kroner 25,-

SpareBank 1 SR-Bank ASA gjennomførde i mai-juni 2012 ein fortrinnsrettsemisjon.

Stiftinga kjøpte 156.649 nye aksjar, slik at vi no eig 6.226.583 aksjar i banken. Dette gjer stiftinga til ein av dei største eigarane i SR-Bank. 

SpareBank 1 SR-Bank ASA gjennomførde i oktober  2023 ein fortrinnsrettsemisjon.

Stiftinga kjøpte 300 000 nye aksjar, slik at vi no eig 6.526.583 aksjar i banken. Dette gjer stiftinga til ein av dei største eigarane i SR-Bank. 

Eigarandelen vår er i dag ca 1,74 % av aksjane.

Det ansvaret eigarskapet fører med seg er er også spegla i vedtektene til stiftinga.

Finansdepartementet ga 21.06.2011 etter søknad SpareBank 1 SR-Bank løyve til å få omdanna seg til aksjebank. Sparebank 1-stiftinga Kvinnherad fekk 01.01.2012 omgjort sine 6 069 934 eigenkapitalbevis til tilsvarande tal aksjar.   

Med denne omdanninga vart det etter vår meining lagt eit enno betre grunnlag for framtidsretta banktenester av høg kvalitet i området vårt, god verdiskaping i banken og etterfølgjande solid avkastning til aksjeeigarane.

Det er avkastninga som vil danna grunnlaget for stiftinga vår sine gåveutdelingar frametter.

For meir informasjon om SpareBank 1 Sør-Norge ASA sjå:

www.sr-bank.no

Kundevalet til Generalforsamlinga

Er du kunde i SpareBank 1 Sør-Norge og har bustadadresse i Kvinnherad kommune, kan du vera med å velja medlemer til generalforsamlinga i SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad. Vala vert kvart vår kunngjort ved lysing i lokalavisene i Kvinnherad, her på heimesida og facebook . I 2025 vil valmøte finna stad mandag 7. april kl. 18.00 i lokala til SpareBank 1 Sør-Norge
Bogsnesveien  3A , 5460 Husnes.

Er det spørsmål til kundevalet ta kontakt med leiar i valkomiteen:
Arne Langeland T: 951 21 295

I 2025 vert det valt 5 medlemer og 5 varamedlemer til generalforsamlinga

Eit medlem vert vald for 4 år, varamedlem for 1 år. Les meir i lysing kundeval 2025

Valet vert førebudd og gjennomført av valkomitéen til stiftinga.

Retningsliner kapitalforvaltning – Utdrag

Retningslinene viser korleis SpareBank 1-Stiftinga Kvinnherad forvaltar kapitalen på ein trygg, langsiktig og ansvarleg måte. Målet er å sikre stabile gåvetildelingar til lokalsamfunnet, samtidig som stiftinga er ein solid og berekraftig eigar i SpareBank 1 Sør-Norge.

Retningslinene skal vera eit styringsverktøy for stiftinga si langsiktige og ansvarlege kapitalforvaltning. Kapitalforvaltninga til stiftinga skal væra enkel å kommunisera, tydeleg i gjennomføringa og kunne etterprøvast med tanke på oppnådde resultat.

Personvernerklæring

. . 
For å sikre at personopplysningane vert handsama på ein sikker og forsvarleg måte har vi etablert følgjande retningsliner.

Overskrift 1

 

1. Innleiing
SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad, adresse Stabburshaugen 5, 5460 Husnes er handsamingsansvarleg for registrering av personopplysningar i samband med verksemda og realisering av føremålet som er vidareføring av sparebanktradisjonen, gåveutdeling og kapitalforvaltning. Stiftinga handsamar personopplysningane i samsvar med den til kvar og ein tid gjeldande personvernlovgjeving. Regelverket skal beskytte person mot misbruk av personopplysningar. Stiftinga er opptatt av personvernet til personar kor Stiftinga har registrert personopplysningar:

  • Styremedlemmar

  • Generalforsamlingsmedlemmer

  • Tilsette

  • Gåvesøkarar og gåvemottakarar

2. Føremålet med handsaminga. for å kunne administrere arbeidet med stiftinga sitt føremål og aktivitetar må stiftinga handsame visse personopplysningar. Vi nyttar personopplysningar berre til følgjande føremål:

  • Handsaming av gåvesøknadar og oppfølging av gåvemottakarar

  • Administrere arbeidsforhold til tilsette og tillitsvalde

  • Oppfølging og dialog med leverandørar

3. Kva for personopplysningar blir brukt:  Personopplysningar som er naudsynt for å gjennomføre føremålet til verksemda.

4. Handsamingsgrunnlag.  Stiftinga har ifølge personopplysningslova rettsleg grunnlag til å handsame personopplysningar for å kunne gjennomføre føremålet. Stiftinga tar imot samtykkje frå personar kor personopplysningar er lagra hjå Stiftinga, gjennom å oppfylle avtaler med den registrerte, eller ein konkret aksept frå personen, basert på Stiftinga sine vilkår for handsaming.

5. Sikkerhet.  Stiftinga vil kontinuerlig sjå til at personopplysningar ikkje blir misbrukt, og at dei er korrekte.

6. Personopplysningar til tredjepart.  Stiftinga kan gi tredjepart tilgang til personopplysningar når det er naudsynt for å gjennomføre føremålet.  Døme på slik tredjepart er IT-leverandør og rekneskapsførar. Stiftinga inngår avtalar med underleverandører som kan få tilgang til personopplysningar. Tredjepartane vil ikkje kunne nytta slike personopplysningar til andre føremål enn det som er avtalt med Stiftinga. Personopplysningar kan bli utlevert til tredjepartar som oppheld seg utanfor EØS-området i samband med realisering av føremålet.  

7. Rettighetar / innsyn. Den registrerte kan krevje innsyn i opplysningane, og krevje retting eller sletting av personopplysningar, medrekna be om avgrensa bruk av personopplysningar, samt protestere mot bruken av dei. Den registrete kan be om dataportabilitet, det vil sei at personopplysningar registrert hos Stiftinga kan overførast til ein tredjepart. Den registrete har rett til å klage til Datatilsynet dersom dei meiner Stiftinga handsamar personopplysningane i strid med personvernreglane. Førespunader om innsyn i kva  personopplysningar Stiftinga har lagra kan sendast til: bente@sb1sk.no eller post@sb1sk.no

8. Oppbevaring og sletting av personopplysningar.  Stiftinga oppbevarer ikkje personopplysningar lengre enn det som er naudsynt for å administrere og gjennomføre føremålet, med mindre Stiftinga etter lov er pålagt å lagre opplysningane.

  • Personopplysningar oppgitt i gåvesøknadar vert lagra i inntil 10 år. 

  • For tilsette og tillitsvalde vert personopplysningane lagra i perioden dei er tilsette/valde for, med mindre stiftinga etter lov er pålagt å lagre opplysningane lenger. 

9. Endringar. Oppstår det endring i våre tenester eller endring i regelverk om handsamiing av personopplysningar, kan det medføre behov for oppdatering av denne informasjonen. Oppdatert informasjon vil ein finne lett tilgjengeleg på nettsida vår.