Siste nytt frå oss
Haustens gåveutdeling 🩷
9. november feira vi haustens gåveutdelig og Kvinnheradstiftinga hadde gleda av å dela ut 7 249 000 kroner fordelt på 83 gåver til lokale lag, foreiningar og eldsjeler som gjer kvardagen betre for oss alle Tusen takk for varmt engasjement og alle ideane som de ynskjer...
Ny dagleg leiar på plass
Bente Marie Sjo er på plass som ny dagleg leiar i Kvinnheradstiftinga.
Bente Marie gler seg til å møta eldsjelene
Her kan du bli kjent med ny dagleg leiar i Kvinnheradstiftinga. Bente Marie Sjo
Bente Marie startar 1. november og vi ynskjer henne hjarteleg velkommen.
Nye gåver er klare og haustrunden er godt i gang!
Nye gåver er klare og haustrunden er godt i gang!
Mange millionar kroner skal ut til god aktivitet
Har de ein idé eller kanskje ein draum som ligg og ventar ?
SØKNADSTIPS
De sit på idéen og vi ønskjer å hjelpa dykk vidare.
Ein god søknad gjer det lettare for oss å forstå prosjektet dykkar og kva det kan bety for lokalmiljøet. Her finn de sju enkle tips som kan styrkja søknaden og bidra til å gjera idéen dykkar til verkelegheit.
Kva drøymer barna om?
Kvinnheradstiftinga har møtt barn frå ulike delar av kommunen og spurt dei om draumane deira.
Resultatet er 12 korte filmar der barna får fortelja med sine eigne ord.
I tida framover deler vi 12 korte filmar der barna får fortelja med sine eigne ord.
Frivillegløftet 2026: 2 millionar kroner til frivilligheita
Kvinnheradstiftinga deler ut 1 999 800 kroner gjennom Frivillegløftet 2026.
Til saman får 65 frivillige lag og organisasjonar støtte til prosjekt, aktivitetar, drift og møteplassar som skaper verdi for mange.
11 nye tildelingar – den femte tildelinga frå Kvinnheradstiftinga i 2026
Det er flott å sjå breidda i frivillig engasjement. Desse tildelingane viser kor mykje viktig arbeid som skjer i lag og organisasjonar i regionen vår, og kor stor verdi frivilligheita har for både barn, unge og vaksne.
Årsmeldinga for 2025 er klar
I årsmeldinga kan du lesa meir om arbeidet vårt i 2025, om gåvetildelingane og om nokre av dei mange flotte tiltaka stiftinga har fått vera med på.
I 2025 handsama styret 400 søknader, og det vart delt ut 169 gåver på til saman 13,6 millionar kroner.
Ta kontakt






