Kvinnheradstiftinga har gjennomført den femte tildelinga i 2026.
Denne gongen får 11 organisasjonar støtte til prosjekt og tiltak som skaper aktivitet, fellesskap og gode møteplassar der vi bur.
Totalt vert det delt ut 212 400 kroner i denne tildelinga.
Midlane går mellom anna til kulturformidling, friluftsliv for barn, inkluderingsdagar, idrettsutstyr, lydutstyr, møteverksemd og lokale arrangement.
– Det er flott å sjå breidda i frivillig engasjement. Desse tildelingane viser kor mykje viktig arbeid som skjer i lag og organisasjonar i regionen vår, og kor stor verdi frivilligheita har for både barn, unge og vaksne.
Organisasjonane som får støtte i denne runden er:
| Organisasjon | Prosjekt | Beløp |
|---|---|---|
| Internasjonal Kulturklubb | Aktivitetstoget | 22 300 kr |
| Gullhaugkonsertane | Innkjøp av lydutstyr | 30 000 kr |
| Rosendal Bygdelag | Mesternes mester | 6 600 kr |
| Omvik Stampe- og Kvednalag | Informasjonsskilt, 3 stk | 19 000 kr |
| Trio Idrettslag | IL-Trio inkluderingsdagar | 30 000 kr |
| Odda/Ullensvang Turlag | Barnas turlag | 15 000 kr |
| Stord Petanqueklubb | Petanque, eit sosialt tilbod | 22 500 kr |
| Kvinnherad Røde Kors | Myggmikrofonar til kurs- og møteverksemd | 15 000 kr |
| Trio Idrettslag | Treningsutstyr friidrett for barn/ungdom | 20 000 kr |
| Forsamlingshuset Vonheim | Kulturformidling | 7 000 kr |
| Gamlebutikken på Sunde i Sunnhordland | Kystens dag på Sunde | 25 000 kr |
Kvinnheradstiftinga gratulerer alle mottakarane og takkar for det viktige arbeidet de gjer for lokalsamfunna våre.
I løpet av få dagar vil alle som har søkt Frivillegløftet 2026 få svar på søknaden sin.
