Utbytte frå SR-Bank sidan 2011

Aksjar i SR-Bank

Eigarandel SR-Bank

Om stiftinga

SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad vart skipa 1. november 2010 med forretningskontor i Kvinnherad Kommune.

Forstandarskapet i Kvinnherad Sparebank og representantskapet i SpareBank 1 SR-Bank gjorde i møter den 28. juni 2010 vedtak om at dei interesser, som bankane representerte, ville vera best tente med at sparebankverksemda i Kvinnherad Sparebank vart overteken og vidareført gjennom SpareBank 1 SR-Bank.

Samstundes vart det vedteke at Kvinnherad Sparebank etablerte ei stifting som skal fremja sparebankverksemd i tidlegare Kvinnherad Sparebank sitt marknadsområde gjennom å eiga eigenkapitalbevis og disponera utbyte til ålmennyttige føremål.

Stiftinga sitt føremål er å forvalta eigenkapitalbevis som stiftinga vart tilført ved skipinga, og å stå for eit langsiktig og stabilt eigarskap i SpareBank 1 SR-Bank. 

Stiftinga skal i tillegg plassera midlane på ein føremålstenleg og trygg måte ut frå omsynet til trygd, risikospreiing, likviditet og avkasting. 

Stiftinga sitt føremål skal vidare vera å gje bidrag til ålmennyttige føremål.

Styrande organ

Generalforsamling

Generalforsamlinga er det høgaste organet og har som hovudoppgåve å velja styremedlemmer, føra tilsyn med stiftinga si verksemd og etter framlegg frå styret vedta den økonomiske ramma for gåveutdelingar.

Generalforsamlinga skal ha 18 medlemer og 9 varamedlemer.

Generalforsamlinga si samansetjing skal spegla kundestrukturen i Kvinnherad Sparebank som oppretta stiftinga, andre interessegrupper og samfunnsmessige interesser knytt til sparebankstiftinga si verksemd.

Yngvar Skarveland
Leiar
Sandvoll
Kundeval – 2022

 

Gunnhild N. Hillestad
Medlem
Herøysundet
Kundeval – 2023

 

Jørn Hjelmeland
Medlem
Seimsfoss
Kundeval – 2021

 

Bjørn Røssland
Medlem
Husnes
Kundeval – 2022

 

Oddmund Røssland
Medlem
Husnes
Kundeval – 2022

 

Jannicke Næs Sundal
Nestleiar
Mauranger
Kundeval – 2021

 

Lilli Britt Urheim
Medlem
Ølve
Kundeval – 2021

 

Arne Langeland
Medlem
Husnes
Kundeval – 2022

 

Lisbeth Andresen
Varamedlem
Ølve
Kundeval – 2024

 

Laila Merethe Haukanes
Varamedlem
Varaldsøy
Kundeval – 2024

 

Ann Kathrin Røssland
Medlem
Sunde
Kundeval – 2023

 

Klara Bakke
Medlem
Uskedalen
Kundeval – 2023

 

Egil Heimvik
Medlem
Utåker
Kundeval – 2024

 

Martha K Nærhus
Medlem
Valen
Kundeval – 2024

 

Steinar Haugland
Medlem
Uskedalen
Kundeval – 2024

 

 

Inger Johanne Hauge
Medlem
Rosendal
Kundeval – 2021

Marianne Helvik
Medlem
Rosendal
Kundeval – 2024

 

Vivian Teigen
Varamedlem
Sunde
Kundeval – 2024

 

Johannes Hjelmeland Varamedlem
Dimmelsvik

Kundeval – 2024

 

Per Rørvik
Varamedlem
Husnes
Kundeval – 2024

 

 

 

Valkomite

Valkomitéen førebur og står for vala av innskytarrepresentantar til generalforsamlinga i eit eige valmøte, og førebur og står for alle vala i den ordinær generalforsamlinga (Generalforsamlingsleiar, styre, styreleiar, valkomité).

Arne Langeland
Nestleiar
Husnes
Kundeval – 2024

Lilli Britt Urheim
Nestleiar
Ølve
Kundeval – 2024

Gunnhild N Hillestad
Medlem
Herøysund
Kundeval – 2023

Jørn Hjelmeland
Medlem
Seimsfoss
Kundeval – 2023

Egil Heimvik
Medlem
Utåker
Kundeval – 2024

Styret

Styret har det mynde og ansvar som føl av den til ei kvar tid gjeldande lovgjevinga og vedtektene til stiftinga. Styret skal m.a. forvalta stiftinga sine midlar, syta for utdeling av gåver innan dei økonomiske rammene som generalforsamlinga har vedteke og følgja opp dagleg leiar. Styret har eigen styreinstruks.

Jan Magnus Aasen
Leiar
Ølve
Valår – 2023

Anne Kari Enes
Varamedlem
Husnes
Valår – 2024

Magnhild Haugland
Nestleiar
Uskedalen
Valår – 2023

Hilde Solli
Nestleiar
Løfallstrand
Valår – 2024

Gunnar Våge
Medlem
Løfallstrand
Valår – 2024

Hildegunn E. Aarthun
Medlem
Valen
Valår – 2024

Torill Lyngnes
Fastmøtande vara
Matre
Valår – 2024

Administrasjonen

Bente Lie Nilsen

Dagleg leiar

Administrasjonen ved dagleg leiar har ansvaret for den daglege drifta av stiftinga.

Vedtekter for SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad

Skipa 1. november 2010
Vedtekter vart sist reviderte av Generalforsamlinga 25.06.2020

§ 1-2 Føremål

Stiftinga sitt føremål er å forvalta dei eignelutar som stiftinga vart tilført ved skipinga, og å stå for eit langsiktig og stabilt eigarskap i SpareBank 1 SR-Bank ASA.

Stiftinga skal i tillegg plassera midlane på ein føremålstenleg og trygg måte ut frå omsynet til trygd, risikospreiing, likviditet og avkasting.

Stiftinga sitt føremål skal vidare vera å gje bidrag til ålmennyttige føremål. Ved disposisjonane sine skal stiftinga først og fremst ta omsyn til det distriktet som har bygd opp kapitalen til tidlegare Kvinnherad Sparebank.

Ved verksemda si skal stiftinga støtta SpareBank 1 SR-Bank ASA i deira vidareføring av sparebanktradisjonane.

Elles kan stiftinga stå for anna verksemd som kan sameinast med nemnde føremål og dei rammer som til ein kvar tid fylgjar av regelverket for sparebankstiftingar.

Etiske retningsliner

Desse etiske retningslinene inneheld dei forventningar og krav til aktsemd som SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad stiller til seg sjølv, medlemer av styrande organ og tilsette i stiftinga.

SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad er ei uavhengig stifting med langsiktig målsetjing om å bidra til positiv utvikling av samfunna våre. Medeit slikt utgangspunkt er det naturleg at vi held oss strengt til dei lover,reglar og normer samfunnet har, men også at vi freistar å løfta etisk framferdi alle samanhengar.                       

Sparebankstiftinga er også avhengig av at ålmenta, søkjararom gåver, styresmakter og samarbeidspartnarar har tillit til oss. Dette kan viunderstøtta ved å ha formulert desse retningslinene og ikkje minst til ei kvartid å etterleva dei i all vår framferd. 

Slik opptrer vi:

SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad vil utvisa særleg aktsemd ihøve situasjonar der det kan verta reist spørsmål om integriteten vår eller sjølvstendetvårt. 

 

Ingen skal ta del i handsaminga, eller freista påverka ei avgjerd,når det føreligg særlege tilhøve som er eigna til å svekkja tilliten til at haneller ho er upartisk. Den enkelte har sjølv ansvaret for å vurdera eigenståstad og å unngå at situasjonar oppstår, og skal sjølv melda seg ugild dersomein er i tvil.

Ingen må krevja, motta eller akseptera tilbod om einutilbørlig fordel frå SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad sinesamarbeidspartnarar, leverandørar, gåvesøkjarar eller andre.

Dersom ein er i tvil om fordelen kan reknast som’utilbørlig’, skal dette drøftast i styret.

Styret skal særlig vurdera om det kan reisast spørsmål ved stiftinga, den tillitsvalde eller tilsette sin integritet eller uavhengighet dersomfordelen vert akseptert og innverknaden på omdømmet til SpareBank 1-stiftinga. Ansvaretligger likevel til slutt hos den enkelte.

Årsmeldingar

Eigarpolitikk

Frå vedtektene:

Stiftinga sitt føremål er å forvalta eigenkapitalbevis som stiftinga vart tilført ved skipinga, og å stå for eit langsiktig og stabilt eigarskap i SpareBank 1 SR-Bank ASA.

Ved verksemda si skal stiftinga støtta SpareBank 1 SR-Bank ASA i deira vidareføring av sparebanktradisjonane.

Grunnkapitalen til stiftinga er på kroner 151.748.350,-

Frå 01.01.2012 vart SpareBank 1 SR-Bank omdanna til aksjebank, og stiftinga vart då eigar av 6.069.934 aksjar i SpareBank 1 SR-Bank ASA, kvar pålydande kroner 25,-

SpareBank 1 SR-Bank ASA gjennomførde i mai-juni 2012 ein fortrinnsrettsemisjon.

Stiftinga kjøpte 156.649 nye aksjar, slik at vi no eig 6.226.583 aksjar i banken. Dette gjer stiftinga til ein av dei største eigarane i SR-Bank. 

SpareBank 1 SR-Bank ASA gjennomførde i oktober  2023 ein fortrinnsrettsemisjon.

Stiftinga kjøpte 300 000 nye aksjar, slik at vi no eig 6.526.583 aksjar i banken. Dette gjer stiftinga til ein av dei største eigarane i SR-Bank. 

Eigarandelen vår er i dag ca 1,74 % av aksjane.

Det ansvaret eigarskapet fører med seg er er også spegla i vedtektene til stiftinga.

Finansdepartementet ga 21.06.2011 etter søknad SpareBank 1 SR-Bank løyve til å få omdanna seg til aksjebank. Sparebank 1-stiftinga Kvinnherad fekk 01.01.2012 omgjort sine 6 069 934 eigenkapitalbevis til tilsvarande tal aksjar.   

Med denne omdanninga vart det etter vår meining lagt eit enno betre grunnlag for framtidsretta banktenester av høg kvalitet i området vårt, god verdiskaping i banken og etterfølgjande solid avkastning til aksjeeigarane.

Det er avkastninga som vil danna grunnlaget for stiftinga vår sine gåveutdelingar frametter.

For meir informasjon om SpareBank 1 SR-Bank ASA sjå:

www.sr-bank.no

Kundevalet til Generalforsamlinga

Er du kunde i SpareBank 1 SR-Bank og har bustadadresse i Kvinnherad kommune, kan du vera med å velja medlemer til generalforsamlinga i SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad. Vala vert kvar vår kunngjort ved lysing i lokalavisene i Kvinnherad, her på heimesida og facebook . I 2024 vil valmøte finna stad onsdag 17. april kl. 18.00 i lokala til SpareBank 1 SR-Bank Bogsnesveien  3A , 5460 Husnes.

5460 Husnes.

I 2024 vert det valt 4 medlemer og 5 varamedlemer til generalforsamlinga

Eit medlem vert vald for 4 år, varamedlem for 1 år. Les meir i lysing kundeval 2024

Valet vert førebudd og gjennomført av valkomitéen til stiftinga.

Retningsliner kapitalforvaltning -Utdrag

Frå vedtektene §1.2 Føremål:

Stiftinga sitt føremål er å forvalta eigenkapitalbevis som stiftinga vart tilført ved skipinga, og å stå for eit langsiktig og stabilt eigarskap i SpareBank 1 SR-Bank . Stiftinga skal i tillegg plassera midlane på ein føremålstenleg og trygg måte ut frå omsynet til trygd, risikospreiing, likviditet og avkasting.

Styret i stiftinga fekk våren 2011 utarbeidd eigne retningsliner for kapitalforvaltinga i samarbeid med uavhengig rådgjevar Grieg Investor AS.

Retningslinene vart vedteken på styremøte 2011-09 den 21.06.2011

Eigarskapet i SpareBank 1 SR-Bank ASA ligg fast, og kan ikkje reduserast utan etter særskild vedtak i generalforsamlinga og etterfølgjande løyve frå Finanstilsynet. Tilhøve knytt til utøving av eigarskapet er difor ikke omhandla i retningslinene.

Det er såleis forvaltinga av stiftinga sine frie midlar (gåva på 20 mill kroner frå SR-Bank ved skiping av stiftinga og etterfølgjande, årleg utbyte frå banken) som er omhandla.

Det er generalforsamlinga i stiftinga som vedtek disponering av årsoverskotet etter framlegg frå styret, det vil seia til gåveutdelingar, avsetjing til gåvefond eller avsetjing som frie midlar til vidare forvalting.

Den langsiktige investeringsstrategien:

Den langsiktige investeringsstrategien er utforma som ei prosentvis fordeling av midlane mellom ulike aktivaklassar og marked med tilhøyrande fridomsgrader (max-min).

Det er lagt vekt på låg til moderat risiko og låge kostnader.

Etikk:

Stiftinga søkjer å følgja dei etiske vurderingane som Etikkrådet kjem fram til for å kunna spegla den ‘felles overlappande konsensus’ som Stortinget har i høve til etiske retningsliner.

Personvernerklæring


For å sikre at personopplysningane handsamas på ein sikker og forsvarleg måte har vi etablert følgjande retningsliner.

Overskrift 1

 

1. Innleiing SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad, adresse Stabburshaugen 5, 5460 Husnes er handsamingsansvarleg for registrering av personopplysningar i samband med verksemda og realisering av føremålet som er vidareføring av sparebanktradisjonen, gåveutdeling og kapitalforvaltning. Stiftinga handsamar personopplysningane i samsvar med den til kvar og ein tid gjeldande personvernlovgjeving. Regelverket skal beskytte personer mot misbruk av personopplysningar. Stiftinga er opptatt av personvernet til personar kor Stiftinga har registrert personopplysningar:

  • Styremedlemmar

  • Generalforsamlingsmedlemmar

  • Tilsette

  • Gåvesøkarar og gåvemottakarar

2. Føremålet med handsaminga For å kunne administrere arbeidet med stiftingas føremål og aktivitetar må stiftinga handsame visse personopplysningar. Vi nyttar personopplysningar berre til følgjande føremål:

  • Handsaming av gåvesøknadar og oppfølging av gåvemottakarar

  • Administrere arbeidsforhold til tilsette og tillitsvalde

  • Oppfølging og dialog med leverandørar

3. Kva for personopplysningar handsamas Berre personopplysningar som er naudsynt for å gjennomføre føremålet til verksemda.

  4. Handsamingsgrunnlag Stiftinga har ifølge personopplysningslova rettsleg grunnlag til å handsame personopplysningar for å kunne gjennomføre føremålet. Stiftinga take imot samtykkje frå personar kor personopplysningar er lagra hjå Stiftinga, gjennom å oppfylle avtaler med den registrerte, eller ein konkret aksept frå personen, basert på Stiftingas vilkår for handsaming.

5. Sikkerhet Stiftelsen vil kontinuerlig sjå til at personopplysningar ikkje blir misbrukt, og at dei er korrekte.

6. Personopplysningar til tredjepartar Stiftinga kan gi tredjepartar tilgang til personopplysningar når det er naudsynt for å gjennomføre føremålet.  Døme på slik tredjepart er IT-leverandør og rekneskapsførar. Stiftinga inngår datahandsamar avtalar med underleverandører som kan få tilgang til personopplysningar. Disse tredjepartane vil ikkje kunne nytta slike personopplysningar til andre føremål enn det som er avtalt med Stiftinga. Personopplysningar kan bli utlevert til tredjepartar som opphalde seg utanfor EØS-området i samband med realisering av føremålet.  

7. Rettighetar / innsyn Den registrerte kan krevje innsyn i opplysningane, og krevje retting eller sletting av personopplysningar, medrekna be om avgrensa bruk av personopplysningar, samt protestere mot bruken av dei. Den registrete kan be om dataportabilitet, det vil si at personopplysningar registrert hos Stiftinga kan overførast til ein tredjemann. Den registrete har rett til å klage til Datatilsynet dersom dei meiner Stiftinga handsamar personopplysningane i strid med personvernreglane. Førespunader om innsyn i kva for ein personopplysningar Stiftinga har lagra kan sendes til: bente@sb1sk.no eller post@sb1sk.no

8. Oppbevaring og sletting av personopplysningar Stiftinga oppbevarer ikkje personopplysningar lengre enn det som er naudsynt for å administrere og gjennomføre føremålet, med mindre Stiftinga etter lov er pålagt å lagre opplysningane.

  • Personopplysningar oppgitt i gåvesøknadar vert lagra i inntil 10 år. 

  • For tilsette og tillitsvalde vert personopplysningane lagra i perioden dei er tilsette/valde for, med mindre stiftinga etter lov er pålagt å lagre opplysningane lenger. 

9. Endringar Oppstår det endring i våre tenester elle endring i regelverk om behandling av personopplysningar, kan det medføre behov for oppdatering av denne informasjonen. Oppdatert informasjon vil ein finne lett tilgjengeleg på nettsida vår.

Ta kontakt

 

Kvinnheradstiftinga

bente@sb1sk.no

post@sb1sk.no

53 47 70 40

Orgnr: 996 124 789

Stabburshaugen 5, 5460 Husnes

Kontaktskjema