
Bilde: Bente Marie Sjo, Bente Lie Nilsen og Jan Magnus Aasen
Bente Marie Sjo er på plass som ny dagleg leiar i Kvinnheradstiftinga. I dag hadde ho og Bente Lie Nilsen sin fyrste arbeidsdag saman, med god stemning og stor glede over samarbeidet som no er i gang.
Styreleiar Jan Magnus Aasen kom innom for ein prat med begge «Bentene» og kunne konstatera at dei allereie var godt i gang.
Bente Marie tek med seg brei erfaring, lokalkunnskap og eit sterkt engasjement for lokalsamfunnet inn i den nye rolla. No skal ho bli kjend med stiftinga frå innsida og etter kvart møta endå fleire av eldsjelene og organisasjonane som skapar aktivitet, fellesskap og gode møteplassar.
Som dagleg leiar vil ho ha ansvar for den daglege drifta og vera stiftinga sin kontaktperson for søkjarar, gåvemottakarar og samarbeidspartnarar. Saman med styret skal ho vidareutvikla arbeidet til stiftinga og bidra til at gode idear kan bli til glede og nytte for mange.
– Eg er trygg på at Bente Marie kjem til å gjera ein strålande jobb for frivilligheita og ta godt vare på oppgåvene i stiftinga. Eg gler meg til samarbeidet og skal gjera alt eg kan for at ho får ein god start, seier Bente Lie Nilsen.
Etter fem flotte år som dagleg leiar går Bente Lie Nilsen over i ei rådgivarrolle. Ho blir med så lenge det er behov, slik at Bente Marie får god støtte og tid til å koma inn i oppgåvene.
Vi gler oss til tida framover med Bente Marie som dagleg leiar og til mange gode møte og spennande prosjekt!
Vi ønskjer Bente Marie hjarteleg velkomen og gler oss til fortsetjinga!
