Kvinnheradstiftinga deler ut 1 999 800 kroner gjennom Frivillegløftet 2026.
Til saman får 65 frivillige lag og organisasjonar støtte til prosjekt, aktivitetar, drift og møteplassar som skaper verdi for mange.

Dette er sjette gongen hittil i 2026 at Kvinnheradstiftinga deler ut gåver.
Totalt har stiftinga delt ut nær 9 millionar kroner i små og store gåver så langt i år.

Gåveutdelingane er mogleg fordi Kvinnheradstiftinga får utbyte frå eigarskapet sitt i SpareBank 1 Sør-Norge.
Slik kjem verdiane tilbake til lokalsamfunnet gjennom støtte til frivillige lag, organisasjonar og tiltak som betyr mykje for mange.

Mange av tildelingane frå Frivillegløftet 2026 går til drift av lag og organisasjonar.
Det er eit viktig føremål med Frivillegløftet: bidra til at frivillige krefter kan halda fram med å skapa aktivitet, fellesskap og gode møteplassar.

Vi takkar for det store engasjementet og for at så mange søkte om midlar. Vi gratulerer alle som har fått tildeling, og ønskjer lukke til vidare med det viktige arbeidet.

Her kan du lese kven som fekk tildelt gåve frå Frivillegløftet 2026: