top of page
  • Forfatterens bildeBente Lie Nilsen

Ny leiing i generalforsamlinga til SpareBank 1 Stiftinga Kvinnherad









SpareBank 1 Stiftinga Kvinnherad hadde generalforsamling 1. juni 2023

Der var det valg på ny leiar og nestleiar i Stiftinga. Torgny Nundal og Bjørn Terje Eikeland avslutta desse verva etter årets generalforsamling.


Ny leiar er Yngvar Skarveland

Yngvar er 48 år og busett på Sandvoll med sambuar og 3 barn. Han er aktiv i frivilleg arbeid hos IL Ternen og andre lag i nærmiljøet.

Yngvar har arbeidsplassen sin hos Kvinnherad Kommune som avdelingsleiar personal og økonomi.

Med barn er han sjølvsagt med som heiagjeng når jentene spelar fotball.


Ny nestleiar er Jannicke Næs Sundal Jannicke er 35 år, er busett i Mauranger isaman med mann og 3 barn.

Ho arbeidar som barnehagelærar i Rosendal FUS Barnehage . For tida tar ho i tillegg utdanning.

Jannicke er aktiv i Ænes og Mauranger bygdalag og har vore aktiv i Rosendal Rideklubb.

Heiagjengen til Rosendal Turnlag si fotballgruppe har Jannicke som fast medlem.


Vi ynskjer dei lukka til med nye verv i SpareBank 1 Stiftinga Kvinnherad


Her finn du alle som er i styrande organ i Stiftinga.

Generalforsamlinga, styret, valkomiteen og dagleg leiar.




160 visninger0 kommentarer
bottom of page