84 gåver frå 5 000 til heile 490 000 kroner er tildelt – og kvar einaste krone er lika viktig for å skapa liv og aktivitet i lokalsamfunnet.
Bak kvar gåve står frivillige organisasjonar som legg ned eit enormt arbeid for fellesskapen.

Her er det støtte til alt frå restaurantdrift til skyvedørar, varmepumper og nye dører – mangfaldet er stort, og innsatsen er imponerande. Kvinnheradstiftinga heiar på kvar og ein av dykk!

Heldige er vi som har slike eldsjeler i Kvinnherad – på Stord og i Odda 💙

No startar arbeidet med å utføra arbeidet bak kvart prosjekt. Er det spørsmål til gåva, utbetaling eller kva som skal til av dokumentasjon tar de sjølvsagt kontakt med Kvinnheradstiftinga. Vi skal bistå så langt det lar seg gjera.

📸 Sjå bilete frå gåveutdelinga her og her:

Ynskjer du bilete tilsendt? Ta gjerne kontakt!

HER ER GÅVELISTA: