28. april delte Kvinnheradstiftinga ut gåvediplom til mange lokale initiativ
Små gåver – store resultat. Prosjekt som ikkje kostar mykje, men som skaper glede og engasjement, fekk i år støtte frå Kvinnheradstiftinga.
Sjølv gåver under 30 000 kroner har stor verdi for frivilligheita. Dei bidreg til tiltak som er enkle å gjennomføre og kjem raskt til nytte – og ikkje minst: skapar glade mottakarar.
Du kan sende inn søknad heile året for å få vurdert om prosjektet ditt kan få gåve. Kvinnheradstiftinga jobbar tett saman med frivilligheita for å byggje eit levande lokalsamfunn. Søknadsportalen for søknad inntil kr 30 000 er kun stengt 6 veker om våren og 6 veker om hausten.
Sjå bilete og presentasjonar frå utdelinga her:
Del gjerne bileta vidare!
Alle som har fått gåver frå Kvinnheradstiftinga kan fritt bruke bileta frå utdelinga på eigne nettsider, Facebook eller andre sosiale medium.
Vi oppmodar dykk til å dele gleda – hugs å tagge @Kvinnheradstiftinga dersom de postar på sosiale medium:)





































