Våren 2025

Kvinnheradstiftinga har motteke 205 søknader med ein samla søknadssum på 26 millionar kroner – det er eit tydeleg bevis på kor mykje kraft, engasjement og skaparvilje som finst i lokalsamfunna våre.

Bak kvar søknad ligg det initiativ som handlar om frivillig innsats, ålmenne formål og ønskje om å bidra til aktivitet og fellesskap. Alle søknadane er lese og vurderte fleire gonger for å sikre ei grundig behandling.

85 gåver er no tildelt – og alle som har fått tildeling har fått svar.

Vi takkar for innsatsen, ideane og pågangsmotet. Saman skaper vi ringverknader, byggjer gode lokalsamfunn og gjer nærmiljøa våre til gode plassar å bu.

Bilde: Olderbotn