
Kvinnheradstiftinga opnar no søknadsportalen for Frivilligløftet 2026 – ei tidsavgrensa satsing for frivillige lag og organisasjonar i kommunen.
Frivilligløftet 2026 vart lansert i samband med at Kvinnheradstiftinga har passert 200 millionar kroner i tildelte gåver.
Med denne satsinga ønskjer stiftinga å gi eit konkret løft til frivilligheita og til dei mange som kvar dag skaper aktivitet, fellesskap og tilhøyrsel i lokalsamfunnet.
– Frivilligheita betyr mykje for svært mange menneske og er ein uvurderleg del av lokalsamfunnet vårt.
Med Frivilligløftet 2026 ønskjer vi å styrkja dei som kvar dag gjer ein innsats for andre.
Søknadsperiode
Søknadsportalen er open frå 27. april til og med 26. mai 2026.
Etter søknadsfristen vil søknadane bli vurderte, og det vil bli gitt svar ca innan 14 dagar.
Her finn du SØKNADSSKJEMA
Kva kan det søkjast om?
Det kan søkjast om midlar til:
Det kan søkjast om støtte til vanlege driftskostnader, til dømes:
- Straum
- Utstyr
- Arrangement
- Husleige
- Forsikring
- Vedlikehald
- Andre naudsynte løpande utgifter
