Frivillighet står sentralt i arbeidet til Kvinnheradstiftinga, som sidan oppstarten har hatt som mål å bidra til meir berekraftig og inkluderende lokalsamfunn.
Gjennom samarbeid med frivillige organisasjoner og eldsjeler i lokalsamfunnet har stiftinga vore ein viktig ressurs for å fremje helse og trivsel, styrke fellesskapen og støtte opp om berekraftige løysingar.
Berekraftmål som vegvisar
Kvinnheradstiftinga rettar særleg fokus mot tre av FN sine berekraftsmål:
- Mål 3: God helse og livskvalitet
- Mål 10: Mindre ulikskap
- Mål 11: Berekraftige byar og lokalsamfunn

Berekraftmåla
Gåver og dugnadsånd
I 2024 har Kvinnheradstiftinga tildelt kr 16 420 200 på totalt 160 gåver
Kvinnheradstiftinga er ein viktig bidragsytar til mange lokale prosjekt gjennom gåver .
I samarbeid med frivillige har gåvene bidrege til å realisere fleire tiltak som ikkje ville blitt gjennomført utan.
Samarbeidet byggjer på ei sterk dugnadsånd, som er eit kjenneteikn i lokalsamfunnet..
Den frivillige innsatsen, saman med midlar frå stiftinga, gjer det mogleg å skape verdifulle tilbod for alle.
Frivillighet og lokalt engasjement er grunnsteinar i arbeidet.. Saman med lokale eldsjeler og organisasjonar bidrar dei til å gjere lokalsamfunnet til ein betre stad å bu – for både noverande og framtidige generasjonar


Lys i mørketida er på plass i Rosendal, Herøysundet og på Husnes


Kvinnherad Arena