top of page
  • Forfatterens bildeBente Lie Nilsen

Stor øvelse ved Nautavatnet. Klokka 10.00 gjekk alarmen, fire personar tatt av snøskred.

SpareBank 1 Stiftinga fekk vera med på øvinga ved Nautavatnet og dagsturhytta Fagnabu.

Betryggande å sjå eit svært godt samarbeid mellom alle aktørar som var med på øvinga.

Kvinnherad Røde kors, ambulansetjenesta, 2 legar, Kvinnherad Brann og redning, redningshundarhundar og politi. Snøskredet blei varsla klokka 10.00 og alle naudsynte etatar blei kopla inn.

Det var to stykk som blei gravd. Etter redningshunden kom på ulukkesstaden brukte den 29 sekund på å finna den fyrste sakna. Det blei øvd på hjerte-lungeredning,forflytning, søk i skredet med hundar og søkestenger.

Veret var ruskete med snø og sterk vind.

God evaluering i ettertid gir god læring for kva som var vellukka og kva som må øvast meir på. Det var ca 50 personar med på øvinga. Alle blei frakta trygt inn til ulukkesstaden med snøscooter. Det tok ca ein time frå alarmen gjekk til dei fyrste kom, men då var det stor aktivitet på få minutt.

Stiftinga er stolt over at vi kan bidra til godt utstyr som dei forskjellege etatar har behov for når ulykker fyrst skjer.

Har lagt ved ei oversikt over gåver frå Stiftinga. Her er Fjellhaugen Skisenter med, dei tiltrekkjer seg mykje folk i fjellet for aktivitet i skitrekket, lysløypa og dei flotte preparerte løypene dei gir alle tilgang til.

Politi og Røde Kors var uansett einege om at i fjellet må alle ta vare på kvarandre og hjelpa kvarandre. Det er alltid turkameraten som er fyrst på ulukkesstaden.


Oversikt gåver FB
.pdf
Download PDF • 89KB






Redningshundane er komt på plass til ulukkesstaden

29 sekund frå søk starte til fyrste sakna var funnen.

Her ventar vi på alle aktørar som var varsla om øvinga

Klokka 10.00 gjekk alarmen

Alle blei frakta trygt inn til Fanabu med snøscooter.


Eit ruskete vinterver som gjorde øvinga realistisk.

Brann og redning klar for søk

Kvinnherad brann og redning og ambulansepersonell blei frakta opp til ulukkesstad

Ivrige redningshundar var klar for søk

Sondre Solheim og Jarle Larsen koordinerar øvinga


Sondre Solheim måtte opp på ein fjelltopp for å få kontakt med omverden. Lurt å tenka på når ein er i fjellet at det ikkje er dekning alle stader.



229 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page