top of page
  • Forfatterens bildeBente Lie Nilsen

Norway cup med heile 8 lag frå Kvinnherad som deltar.

Rosendal har 4 lag , Trio har 3 lag og Halsnøy har 1 lag med i NC dette året.

Norway cup er årets høgdepunkt for fotballentusiastar. Isaman med foreldre og sysken dreiar det seg om mange hundre som har tatt turen til Oslo og Ekebergsletta.

Her er ein liten statusrapport frå Trio fotball der gutar 16 er i full vigør kvar dag.

SpareBank 1 Stiftinga er stolt medspelar til all aktivitet i Kvinnherad, deriblant fotballaktivitet som svært mange er engasjert i og rundt.

Det er mange fotballbanar, fotballmål, fotballar, lys og lyd på banar som har blitt realisert gjennom gåver frå stiftinga. Vi heiar på alle frivillege, vi heiar på alle som deltar i Norway Cup og ynskjer lukka til vidare i cupen.


Henrik Hillestad og Tobias Bjelland er klar for kamp og heiarop

TRIO G16 er klar for kamp

Lars Eirik og Line Holmedal er lika blid under paraplyen:)

Holmedal, TRIO G 16 i angrep

Solid målvakt Håkon Sundsteigen G16 Trio

Markus Totland , G 16

Olida Skarveland og Elena Ingvaldsen er heiagjeng for G 16, gutar

Iver Solheim og David Holmedal strålar fotballglede

Hermansen, Holmedal og Saghaug kan kunsten som skal til for heiagjegen

Full konsentrasjon mot aktiviteten på banen

Tore Olderkjær unnar seg litt påfyll av skulebolle mellom slaga på banen.






Øyvind og Kaja Heen Ottesen frå Bergen Nord, men ekte Trio fans. Øyvind er oppvaksen på Valen.

Trenar Kjell Åge Totland er klar for kamp.

74 visninger0 kommentarer
bottom of page