top of page
  • Forfatterens bildeBente Lie Nilsen

Glede på Heio i Uskedalen og i Fjellhaugen

Oppdatert: 16. jun.


Ann Lisbeth Ljosnes Moen, Ivar Berge Soldal, Trygve Øvstebø,Erika Paulono Nylund Nygård, Esben Berge Soldal, Jarle Larsen og Hans Bertin Hjortland. Alle frå Kvinnherad Røde Kors

Dei ser fram til å starta oppgradering av Røde Kors hytta i Fjellhaugen.



Hildegunn Eiane Aarthun SpareBank 1 Stiftinga Steinar Haugland Uskedal idrettslag. Store smil på begge to.

 


Ivar Berge Soldal Kvinnherad Røde Kors og Gunnar Våge SpareBank 1 Stiftinga Kvinnherad

Hans Bertin Hjortland Kvinnherad Røde Kors beskriv kor viktig denne gåva er for laget.

Per Korsvold og Steinar Haugland, Uskedal idrettslag, ser fram til å få ein "hjelpar" med på laget når det høge graset på Heio skal klippast.





Nokre gonger i året tek Sparebank 1-stiftinga sjølv initiativ til å dele ut pengegåver. Denne veka var det Kvinnherad Røde Kors og Uskedalen idrettslag som fekk ein god slump sårt tiltrengde «feriepengar».

 

– Dette kunne ikkje ha kome på eit betre tidspunkt. Både robotklipparen og hagetraktoren havarerte i løpet av nokre veker i vår. Det førte til at vi måtte stenge ned grasbanen på Heio, i ei tid på året der aktiviteten er ekstra stor. Dermed vart alle treningar og kampar lagt til kunstgrasbana. Dei som har spelt litt fotball veit jo at det ikkje er heilt det same som ein velstelt og god grasbane. Og at det gjer godt for beina å få skifta ut det harde kunstunderlaget med gras i sommarhalvåret, seier ein særs blid Steinar Haugland i Uskedal idrettslag.

– Du kan tru eg vart overraska då dei ringte frå Stiftinga og fortalte at vi skulle få ei gåve på 190.000 kroner til ny robotklippar. Det er heilt fantastisk for oss. Med den nye klipparen på plass, kan eg lova at det ikkje skal ta lang tid før grasbanen på Heio på ny vil vere klar for innrykk av spelarar til trening og kamp.

Det høyrer også med at Heio er den einaste privateigde grasbanen i Kvinnherad.

 

Like supert som gras under knottane seint på våren, er det å få oppleve snø og skiglede i Fjellhaugen. Rett attmed skitrekket ligg den velkjende Røde Kors-hytta. Tufta på frivillig innsats frå eldsjeler i lokalsamfunnet vårt.

No ser Kvinnherad Røde Kors at hytta treng ei solid oppgradering. I første omgang utvendig.

– Vi merkar at rekruttering av frivillige vert vanskelegare med åra. Eit skikkeleg løft av vinterbasen vår, vil gjere at heile organisasjonen står fram som meir profesjonell. Noko som vi trur vil ha ein positiv effekt på rekrutteringa av nye frivillige. Difor er det veldig stas at Sparebank 1-stiftinga vil hjelpe oss i gang, og løyver 500.000 kroner til planane våre, seier Jarle Larsen i det lokale hjelpekorpset.

Ei oppussing vil truleg også opne opp for mykje meir bruk av hytta i Fjellhaugen.

– Både storleiken og lokasjonen er midt i blinken for å drive interne aktivitetar i Røde Kors. Ho vil også vere svært aktuell for utleige til deltakarar frå andre kommunar. Oppgraderinga er også eit viktig steg i retning av å kunne drive med meir inntektsgjevande utleige, fortel Jarle Larsen.


Foto: Vidar Alfarnes

201 visninger0 kommentarer

Comments


bottom of page