top of page
  • Forfatterens bildeBente Lie Nilsen

Ein superkul rullepark er på plass


Stiftinga fekk i dag vera med å opna den nye rulleparken i Uskedalen.

Gratulera til alle i Uskedalen og elles i kommunen. Uskedal Idrettslag har prosjektert og fullført rulleparken .Godt jobba!

SpareBank 1 Stiftinga er stolt medspelar til rulleparken som er ein del av Uskedalen Aktivitetspark.


Her ligg det mange utførte dugnadstimar. Vi er sikre på at når resultatet no er ein realitet , ja då var det verdt dugnadstimane. Frivillege har gjort ein strålande jobb. Rulleparken ligg i samband med aktivitetshallen og kunstgrasbanen midt i Uskedalen sentrum.


Det er rørande å sjå aktiviteten dette skapar. Det er ingen tvil om at det er eit aktivitetstilbod som samlar barn og unge frå tidleg morgon til seine kveldar.

Dette er ein aktivitet alle kan driva med, berre dei har tilgang til noke som rullar på hjul.

Ta ein tur du og, kanskje dette blir favorittaktiviteten?

Stiftinga gratulerar med vel gjennomført prosjekt.

Her er eit knippa bilete og video frå opninga:













102 visninger0 kommentarer
bottom of page