No kan opptil 400 barn rydde seg til dugnadsmidlar i Kvinnherad
I 2024 lanserte Handelens Miljøfond «Plastdugnaden» – ein ny måte for barn og unge å skaffe dugnadsmidlar til fritidsaktivitetar på, gjennom opprydding i staden for sal. Kvart barn som deltok, mottok 500 kroner for tre timars ryddeinnsats, tilsvarande det ein sit igjen med etter å ha selt bambussokkar eller andre salgsartiklar for 1.000 kroner.
“Plastdugnaden 2024 vart eit kjempepopulært tiltak som hjelpte 25.000 barn med å finansiere fritidsaktivitetane sine sjølve, utan å belaste familiane økonomisk. Vi er utruleg stolte over at Kvinnheradstiftinga blir med på laget i år, slik at endå fleire barn kan kome seg ut og rydde i staden for å selje dugnadsartiklar,” seier Cecilie Lind, dagleg leiar i Handelens Miljøfond.
Då Kvinnheradstiftinga vart kjend med Plastdugnaden og moglegheita for eit samarbeid, såg dei raskt korleis dette passa med deira intensjonar. Vi skal løfte frivillig engasjement og innsats
Ein dugnad alle kan vere med på
Handelens Miljøfond arbeider for høgast mogleg miljøeffekt av plastposepengane, og Plastdugnaden let barn og unge kombinere dugnadsarbeid med ein konkret miljøinnsats. Der salgsdugnader forsterkar sosiale skilnader, kan Plastdugnaden la alle på laget bidra med plastopprydding og på den måten finansiere fritidsaktivitetar utan økonomisk belastning for familiar.
Kvinnheradstiftinga vil i år finansiere plastdugnader i Kvinnherad, medan Handelens Miljøfond sine midlar dekkjer stader der stiftingane ikkje er representerte.
Lansering 5. mars kl. 10:00
Påmelding til Plastdugnaden 2025 blir offisielt lansert onsdag 5. mars kl. 10:00. Dette er ei unik moglegheit til å kombinere dugnadsarbeid med ein konkret miljøinnsats som gir umiddelbare resultat for både lokalmiljøet og naturen.
Plastdugnaden i korte trekk:
● Barn og unge mellom 6 og 19 år mottar 500 kroner for tre timars ryddearbeid
● Avlastar familiar for salgsdugnader med ei tilsvarande sum på 1.000 kroner
● Reduserer behovet for produksjon, transport og sal av unødvendige artiklar
● Lærer barn og unge at søppel i naturen ikkje forsvinn av seg sjølv og bidreg til haldningsendring
For meir informasjon, besøk: www.handelensmiljofond.no
Er det spørsmål ta kontakt med:
Bente Lie Nilsen, Kvinneradstiftinga
T: 924 44 714 E:bente@sb1sk.no
Stian Kallekleiv, kommunikasjonssjef i Handelens Miljøfond
T:918 05 087 E:stian@handelensmiljofond.no