18 november opnar søknadsportalen igjen for søknader inntil kr 30 000
Frivillig arbeid for barn og unge er ein viktig ressurs i samfunnet vårt, og i Kvinnherad har dette fått eit ekstra løft takka vere støtte frå SpareBank 1 Stiftinga Kvinnherad.
Frivillige gjer ein uvurderleg innsats, anten det er som trenar i idrettslag, leiar for fritidsaktivitetar eller som støttespelar for born og unge som treng eit trygt og godt fellesskap. Dei bidreg til å skapa trygge og inkluderande arenaer der alle kan delta, læra og utvikla seg
Når SpareBank 1 Stiftinga Kvinnherad går inn og støttar desse frivillige tiltaka med gåver, blir det mogleg å realisera prosjekt og aktivitetar. Dette kan til dømes vere utstyr til idrettslag, midlar til nye instrument eller støtte til kulturarrangement som gir born og unge høve til å oppleva noko utanom kvardagen. Stiftinga si støtte bidreg til å skapa meir liv og glede i lokalmiljøet, noko som gir positive ringverknader for både barn og ungdom, og alle andre som lever og bur i nærmiljøet
Denne kombinasjonen av frivillig innsats og økonomisk støtte er eit strålande døme på korleis samarbeid mellom organisasjonar og Stiftinga kan føra til varige og positive endringar i samfunnet. Det byggjer fellesskap, skapar meistringskjensle for unge, og gjer Kvinnherad til ein endå betra stad å vekse opp.