top of page

Retningsliner kapitalforvalting 

(utdrag)

Overskrift 1

Frå vedtektene §1.2 Føremål:
Stiftinga sitt føremål er å forvalta eigenkapitalbevis som stiftinga vart tilført ved skipinga, og å stå for eit langsiktig og stabilt eigarskap i SpareBank 1 SR-Bank . Stiftinga skal i tillegg plassera midlane på ein føremålstenleg og trygg måte ut frå omsynet til trygd, risikospreiing, likviditet og avkasting.

Styret i stiftinga fekk våren 2011 utarbeidd eigne retningsliner for kapitalforvaltinga i samarbeid med uavhengig rådgjevar Grieg Investor AS.

Retningslinene vart vedteken på styremøte 2011-09 den 21.06.2011

 

Eigarskapet i SpareBank 1 SR-Bank ASA ligg fast, og kan ikkje reduserast utan etter særskild vedtak i generalforsamlinga og etterfølgjande løyve frå Finanstilsynet. Tilhøve knytt til utøving av eigarskapet er difor ikke omhandla i retningslinene.

 

Det er såleis forvaltinga av stiftinga sine frie midlar (gåva på 20 mill kroner frå SR-Bank ved skiping av stiftinga og etterfølgjande, årleg utbyte frå banken) som er omhandla.

 

Det er generalforsamlinga i stiftinga som vedtek disponering av årsoverskotet etter framlegg frå styret, det vil seia til gåveutdelingar, avsetjing til gåvefond eller avsetjing som frie midlar til vidare forvalting.

 

Den langsiktige investeringsstrategien:

Den langsiktige investeringsstrategien er utforma som ei prosentvis fordeling av midlane mellom ulike aktivaklassar og marked med tilhøyrande fridomsgrader (max-min).

Det er lagt vekt på låg til moderat risiko og låge kostnader.

 

Etikk:

Stiftinga søkjer å følgja dei etiske vurderingane som Etikkrådet kjem fram til for å kunna spegla den 'felles overlappande konsensus' som Stortinget har i høve til etiske retningsliner.

bottom of page