Kvinnheradstiftinga vil gratulere Interesselaget Vardhaugselet med å bygge opp att ei fantastisk fin hytte på Olderbotn.
I dag fekk vi vere med på opninga av nye Olderbotn hytta, og mange store og små tok turen opp i ruskeværet.
Inne i hytta fekk vi varme oss med fyr i ovnen og vi fekk servert kaffi, saft og boller.
Vi fekk sjå og fortalt om eit imponerande arbeid som er gjort etter at den gamle hytta brann ned for 2 år sidan. I dette prosjektet skal alle frivillige med Ove Tvedt i spissen ha all ære og ros. Det er utført over 900 dugnadstimar og mange frivillige har stått på for å få hytta ferdig til 100 års jubileet sidan første hytta her opp vart reist.
Stiftinga ynskjer å bidra til god folkehelse og livskvalitet. Mottoet til Interesselaget er at hyttene skal alltid vere open for alle.
Det bidrar til gode lokalsamfunn og mindre ulikskap når flotte tilbod er gratis og til glede alle aldersgrupper.
Kvinnheradstiftinga vil takke alle frivillige som har stått på og jobba fram nye Olderbotn.
Vi gratulerer alle som får ta del i denne flotte plassen😀