Arne Torget avslutta den flotte kvelden med dette diktet, som var laga spesielt til gjestene og Kvinnheradstiftinga.
KVINNHERADSTIFTINGA HAUST 2024
Kvinnherad Sparebank var i meir enn 100 år
ein bank og institusjon i kommunen vår.
Tider skiftar og endringar kjem
større einingar og nye system.
SR Bank var klar, og banken gjekk til sal
Ein stiftelse vart stifta med ein vaksen kapital.
Denne skulle gjødslast over lokal jord
I Kvinnherad, Stord og Odda der KS Bank hadde kontor.
Sidan 2011 har litt etter litt
straumen av søknadar sildra fritt.
6 500 000 aksjar er kapitalen vår
etter det som var lokalbanken i 150 år.
Det er det som gjer utbytte og litt etter litt
blitt utdelt til prosjekt i nærmiljøet ditt.
Det har blitt kjekkare å syngja, spela, øva og trena
og no nyleg, den makalause Kvinnherad Arena.
Men like vigtig, er dei bekkane små
gledene i bygdene er ikkje få.
Det kan vere ein gangveg som får ny grus
kanskje nytt toalett, eller varmepumpe til eit bygdahus.
Det er kjekt den dagen pengane ligg klar
frivilligheten er det største me har!
Dugnadsanda er inkluderande og sterk
prosjekt etter prosjekt blir sette i verk.
Vi har sett det no, i dei åra som har gått
Alle dei flotte gåvene vi har fått.
Gåver som ikkje berre er kjærkomne å få på hand
men som og vekkjer og smører god dugnadsand.
Kreative sjeler har nye prosjekt i kø
vi ser levande og pulserande nærmiljø.
Bygg og uteområder blir sette i stand
det blir rydda skog, lagt ut grus og sand.
No er det nytt namn, logo og søknadsportal
men det er frivilligheten som er vår største kapital.
Heile året er det nye tildelingar av inntil 30. tusen
for mange lag er dette tilskot som gjer susen.
I kveld er det både store og små summar som ligg på bordet
det betyr mykje for frivilligheten, om bidraga er små eller store.
For eit lite lag er 10.000 ei velsigning å få
som kan vera til glede for store og små.
Store summar har vore utdelte i åra som har gått
når vi ser på aktiviteten er det ikkje smått.
Sjå bydene som blømer av aktivitet rundt om kring
mange gåver har sett dugnadsfolk i sving.
Hus er blitt redda frå usikkert liv med stengt dør
I Rosendal og Sæbøvik blømer det som aldri før.
Med milde gåver frå stiftinga til grunn
ser vi no levande, berekraftige lokalsamfunn.
Turvegar, dagsturhytter, idrettslag, musikk og aktivitet
eit rikt kultur og lagsliv gjer god helse og livskvalitet.
2 gode prosjekt har vi vore så heldige å fått sjå
Interesselaget Postvegen og Framifrå.
Postvegen har vore der så lenge at det er ingen så vett
einaste så huska når dei begynte på han er Ove Tvedt.
Postvegen er så bratt sume tider
at dei kan slå graset på begge sider.
Det er mange prosjekt no, som verkeleg syner att
til inspirasjon for nye generasjonar som skal ta fatt.
Utdelingane er pengar som får nytt liv
til Julekonsert, Samlingsplass, Lys på scene og lys til notestativ.
Renovering kjøkken og Nytt utstyr til leikeplassar
løypeutstyr ski, Ridebane og Nye kornettar og bassar.
Restaurering veteranbåt, Ungdomsloft, Musikal Petter Pan
Matkunnskap i barnehagen og Haustaktivitet for barn og unge slår nok an.
Ny bordkledning, Straumaggregat og varmepumper
nye stolar for små og store og nye og gamle rumper.
Oppstart gospelkor, Kantklippar og Badeflåte
Mekkekurs for ungdom og Lysgate, ja det er ikkje på måte.
Her er invitert ordfører, varaordfører og kommunedirektør
Ansatte frå banken med godt humør.
2 gonger i året er det utdeling med dagleg leiar Bente
då ser vi det aller blidaste styret og verdens blidaste jente.
Takk til alle dåke som søkte, som kom og fekk
vi spente på å sjå resultatet og korleis det gjekk
Me er heldige som har den beste Sparebankstiftinga i Norge
Direkte frå Kulturhuset Husnes, Arne Torget