Ein fest med 140 frivillege. Ein pynta festsal, god mat og god prat – alt låg til rette for ei minnerik stund. Og det vart det.

Kveldens høgdepunkt var utdelinga av heile 84 gåver, til ein samla verdi av 7 millionar kroner.
Gåvene går til prosjekt innan idrett, kultur,historie, friluftsliv og anna aktivitet – tiltak som gagnar mange og styrkjer fellesskapet.

Målet er eit samfunn med mindre ulikskap og fleire moglegheiter for alle.

Bak festen stod eit sterkt engasjement frå frivillige, og med Kvinnheradstiftinga som medspelar blei arrangementet ein suksess.

Dette var meir enn ein fest – det var ei feiring av alt det gode som skjer der vi bur.

Kvinnheradstiftinga har mange bilder frå gåveutdelinga og legg ved frå festen her. Bilder seier meir enn ord.
Her osar det av god stemning og forventning.
Det kjem bilder av alle som mottok gåve etterkvart

Les fin reportasje frå Kvinnheringen her
Les fin reportasje frå Grenda her og her

Fotograf: John Asle Hansen