Etiske retningsliner
Overskrift 1
Desse etiske retningslinene inneheld dei forventningar og krav til aktsemd som SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad stiller til seg sjølv, medlemer av styrande organ og tilsette i stiftinga.
SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad er ei uavhengig stifting med langsiktig målsetjing om å bidra til positiv utvikling av samfunna våre. Med eit slikt utgangspunkt er det naturleg at vi held oss strengt til dei lover,reglar og normer samfunnet har, men også at vi freistar å løfta etisk framferd i alle samanhengar.
Sparebankstiftinga er også avhengig av at ålmenta, søkjararom gåver, styresmakter og samarbeidspartnarar har tillit til oss. Dette kan vi understøtta ved å ha formulert desse retningslinene og ikkje minst til ei kvar tid å etterleva dei i all vår framferd.
Slik opptrer vi:
SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad vil utvisa særleg aktsemd ihøve situasjonar der det kan verta reist spørsmål om integriteten vår eller sjølvstendet vårt.
Ingen skal ta del i handsaminga, eller freista påverka ei avgjerd,når det føreligg særlege tilhøve som er eigna til å svekkja tilliten til at han eller ho er upartisk. Den enkelte har sjølv ansvaret for å vurdera eigen ståstad og å unngå at situasjonar oppstår, og skal sjølv melda seg ugild dersom ein er i tvil.
Ingen må krevja, motta eller akseptera tilbod om ein utilbørlig fordel frå SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad sinesamarbeidspartnarar, leverandørar, gåvesøkjarar eller andre.
Dersom ein er i tvil om fordelen kan reknast som'utilbørlig', skal dette drøftast i styret.
Styret skal særlig vurdera om det kan reisast spørsmål ved stiftinga, den tillitsvalde eller tilsette sin integritet eller uavhengighet dersom fordelen vert akseptert og innverknaden på omdømmet til SpareBank 1-stiftinga. Ansvaret ligger likevel til slutt hos den enkelte.