Samarbeid styrkjer lokalsamfunnet i Kvinnherad

For andre år på rad går Kvinnheradstiftinga saman med Handelens Miljøfond for å gjennomføre den populære ryddeaksjonen Plastdugnaden.
Gjennom samarbeidet har Kvinnheradstiftinga sett av kr 200 000 som skal kome barn og unge i Kvinnherad til gode.

Konseptet er enkelt, men effektivt: Barn og ungdom går saman om å rydde plast og anna avfall i sitt eige nærmiljø. Som takk for innsatsen får dei pengar tilbake til aktivitetane sine i laget eller organisasjonen.

Målet er like enkelt som viktig: mindre plast og søppel i naturen og meir midlar til aktivitetar for barn og unge i lokalsamfunnet.

Plastdugnaden er eit flott døme på korleis miljøinnsats og aktivitet for barn og unge kan gå hand i hand.
Samstundes som ein tek vare på naturen, kan laga skaffe seg midlar til viktige aktivitetar.

Lag, organisasjonar og foreiningar for barn og unge kan søkje om støtte til å arrangere ryddeaksjonar.
For kvar deltakar mellom 6 og 19 år som ryddar i minst tre timar, får foreininga 500 kroner. Kvar organisasjon kan søkje på vegne av inntil 100 deltakarar.

Ein dugnad som styrkjer både miljø og aktivitet



– Det er fint å sjå kva som skjer når plastposepengane og midlar frå 17 SpareBank 1-stiftingar blir samla i ein felles dugnad.
Så langt har Plastdugnaden gjort det mogleg for over 100 000 barn og unge å bidra til eit reinare nærmiljø, samstundes som dei har tent pengar til aktivitetane sine, seier Cecilie Lind, dagleg leiar i Handelens Miljøfond.

Når SpareBank 1-stiftingane deltek, aukar også moglegheitene.
Samarbeidet gir fleire millionar kroner til dugnaden, og dermed fleire barn og unge som kan delta i ryddeaksjonar i sine lokalmiljø.

For Kvinnheradstiftinga er dette eit tiltak som treff rett i føremålet vårt:
Å styrkje lokalsamfunnet og bidra til gode oppvekstvilkår for barn og unge i Kvinnherad,

Frå plastpose til Plastdugnad

Plastdugnaden vart lansert av Handelens Miljøfond i 2024. Butikkane som er medlem av fondet, betaler fire kroner for kvar plastpose dei sel.
Alle pengane frå medlemsbutikkane går tilbake til miljøtiltak som reduserer plastforsøpling og Plastdugnaden har raskt blitt eitt av dei mest synlege tiltaka.
Her tener barn og unge pengar gjennom ein meiningsfull miljøinnsats, utan at familiar må kjøpe eller selje produkt.
Det er inkluderande, alle kan delta.