Kvinnheradstiftinga har i siste tildeling delt ut til saman 233 300 kroner til ni lag og organisasjonar.
Tildelingane viser stor breidde i frivillige tiltak som kjem lokalsamfunnet til gode.

Gåvene går til prosjekt innan idrett, inkludering, møteplassar og tilrettelegging av aktivitetar.
Fleire av tiltaka er avhengige av omfattande frivillig innsats, og dei når menneske i alle aldrar – frå barn og unge til vaksne og eldre.
Blant mottakarane er Frivillegsentralen, som har fått støtte til språkopplæring og leksehjelp gjennom frivillig arbeid. Tiltaket bidreg til inkludering, læring og fellesskap.
Andre tildelingar går mellom anna til idrettslag og grendalag for innkjøp av utstyr, oppgradering av lokale og tiltak som styrkjer aktivitet og trivsel i lokalmiljøet.
Frivillig arbeid er avgjerande for levande lokalsamfunn.
Med desse tildelingane ynskjer vi å støtte tiltak som skaper aktivitet, inkludering og gode møteplassar for mange, seier Kvinnheradstiftinga.

Samtidig minner stiftinga om at søknadsportalen for større gåver no er open. Lag og organisasjonar kan søkje om gåver over 30 000 kroner, men fristen nærmar seg.
Det er berre 14 dagar att før fristen 3. mars.
Vi oppmodar aktuelle søkjarar om å sende inn søknad i god tid.

Her er dei som fekk tildeling i denne omgang: