
Skal de å søkja støtte og har spørsmål?
Er de usikre på kva som skal til for å skriva ein god søknad?
Vi inviterer til open spørjekveld om søknad, der du kan få svar på det du lurer på.
Målet er å gjera søknadsprosessen enklare og meir forståeleg for både nye og erfarne søkjarar.
Denne kvelden kan du mellom anna få rettleiing om:
- korleis ein fyller ut søknadsskjemaet
- kva vi legg vekt på i vurderinga av søknader
- vanlege feil det er lurt å unngå
- andre spørsmål knytte til det å søkja støtte
Spørjekvelden passar godt for frivillige lag og organisasjonar, og vi oppmodar dykk som har ungdom i laget til å ta dei med.
Unge engasjerte stemmer og spørsmål er viktige og ofte heilt avgjerande for gode prosjekt.
Dette er ikkje eit formelt informasjonsmøte, men ein kveld for dialog og gode spørsmål.
Du treng ikkje ha ein ferdig søknad, berre eit ønske om å læra meir.
Stad: Kvinnherad Arena, Husnes
Tid: Onsdag 11.02 kl. 17.30
Varigheit: Ca. 1–1,5 time
Påmelding skjer via QR-kode:

eller lenkja under:
Meld deg på her
Velkomen!
