Kva er For Alle AS?
For Alle AS er eit nytt, ideelt selskap etablert i januar 2026 av sju sparebankstiftingar i fellesskap.
Dei sju stiftingane eig til saman om lag 45 prosent av aksjane i SpareBank 1 Sør-Norge, og det er gjennom utbyte frå dette eigarskapet stiftingane får midlar som kan førast tilbake til samfunnet, i tråd med stiftingane sine føremål.
Stadig fleire barn og unge fell utanfor samfunnet på forskjellige måtar. Det er mange dyktige miljø som kvar for seg gjer ein viktig innsats for å gjere ein forskjell.
For Alle bygger på forståing om at samskaping på tvers av organisasjonar og sektorar er ein føresetnad for strukturelle og varige endringar, og for å gje eit betre, heilskapleg og koordinert tilbod til barn og unge.
For Alle består av samarbeidsprosjekt for samla innsats for inkludering, inkluderingsprosjekt, forskning, konferanse og aktivitetsstøtte.
For Alle aktivitetsstøtte blir gjeven til organisasjonar som har behov for midler for å kunne hjelpe unge som fell utanfor på grunn av økonomi.
Satsinga For Alle vart starta av Sparebankstiftelsen SR-Bank for fleire år sidan, og har over tid utvikla seg til å bli eit viktig verkemiddel for inkludering av barn og unge gjennom frivillige og ideelle tiltak.
Gjennom heile 2025 har dei sju stiftingane arbeid tett saman for å vidareutvikla satsinga, og resultatet er no For Alle AS – ei felles plattform for samarbeid, utvikling og samordning.
Bak For Alle AS står:
Sparebankstiftelsen SR-Bank
Kvinnheradsstiftinga
Sparebankstiftelsen Modum
Sparebankstiftelsen Nøtterøy-Tønsberg
Sparebankstiftelsen Buskerud Vestfold
Sparebankstiftelsen Nome og
Sparebankstiftelsen Telemark
Kva betyr dette for Kvinnherad (Stord og Odda)?
For Kvinnherad og for nærliggande område som Stord og Odda, inneber etableringa av For Alle AS ingen endring i dei lokale rammene for gåvetildeling.
Kvinnheradsstiftinga sine bidrag til For Alle-satsinga skal, som før, gå til prosjekt og tiltak innanfor stiftinga sitt geografiske område for gåvetildeling.
Det er ikkje tvil om at hovuddelen av midlane som Kvinnheradsstiftinga bidreg med, også i framtida vil kome lokalsamfunnet i Kvinnherad til gode, der kapitalen er bygd opp.
Lokale prosjekt, samarbeid og ordningar held fram som før.
Kva kan lokalsamfunnet forventa?
Gjennom For Alle AS blir det lagt til rette for meir langsiktig arbeid, betre kunnskapsdeling og sterkare samordning på tvers av regionar.
Dette skal styrkje frivillige lag og organisasjonar, og gi betre føresetnader for inkluderande aktivitetar for barn og unge, lokalt i Kvinnherad og regionen rundt.
Kva rolle skal For Alle AS spela?
For Alle AS skal vere ein som identifiserer prosjekt, er pådrivar, samordnar og er støttespelar. For Alle as skal ikkje erstatte lokalt engasjement, men styrkje det gjennom samarbeid, felles utvikling og eit langsiktig perspektiv.
Målet er å gi frivilligheita betre rammer, samstundes som nærleiken til lokalsamfunnet blir teken vare på.
Vegen vidare
2026 blir eit etableringsår, der mykje vil vere som før, samstundes som grunnmuren for vidare utvikling blir lagd. For Alle AS ser fram til eit godt, nyttig og konstruktivt samarbeid med frivillige, kommunen og andre aktørar i Kvinnherad. Til det beste for frivilligheita og for dei barna og ungdomane satsinga er til for.


