Trio friidrett har fått 29 500 kroner i støtte til nye treningshekkar – og gleda er stor!
Dei 20 hekkane er alt tekne i bruk under innetreningane i Kvinnherad Arena.
Dei nye hekkane er lettare og meir føyelege enn konkurransehekkar, og gjer treningskvardagen tryggare og meir motiverande – spesielt for dei som har hekkeløp som favorittøving.
Dette er eit godt døme på korleis sjølv ei forholdsvis lita gåve kan skape stor aktivitet og treningsglede – små summar med store ringverknader.
Kvinnheradstiftinga heiar på frivilligheit – og vi satsar saman.




🌿 Kor kjem gåvemidlane frå?
Gåvene frå Kvinnheradstiftinga kjem frå fellesskapet – og går attende til fellesskapet.
Kvinnheradstiftinga er eigar i SpareBank 1 Sør-Norge, og får utbyte gjennom dette eigarskapet.
Gjennom gode resultat i banken får vi midlar som vi brukar til å støtte frivilligheit, samhald og utvikling i lokalsamfunnet vårt.
Slik blir verdiane som er skapte her, brukt til det beste for folk, lag og initiativ som gjer ein forskjell.
