Mandag fekk vi i Kvinnheradstiftinga vitja Ungdomsbase Sør på Husnes, og det vart verkeleg eit fint møte med mange flotte ungdommar.

Allereie kl. 14.30 stod det kø utanfor døra, og i løpet av den første halvtimen var lokalet fullt av liv.
Kvinnheradstiftinga har tildelt 150 000 kroner fordelt over fire år.
Midlane går til å lage middag kvar måndag etter skuletid for ungdomsskuleelevar.

  • På Husnes kjem det opptil 70 ungdommar for å eta og vera i lag.
  • På Rosendal (Ungdomsbase Nord) blir det laga middag kvar torsdag til ein stor flokk ungdommar. Ca 25 ungdommar

Som Sander Brix sa då vi spurde om dei fekk bestemme menyen:

«Vi er fornøyd uansett kva vi får!»

Middagen betyr mykje:
 Som sosial møteplass og som eit godt og varmt måltid før trening og aktivitetar.
Då vi besøkte Husnes fekk vi sjå fulle bord, mykje latter – og fleire tomlar opp 👍

Bilde over: Styremedlemmer Sander Brix, Gabriele Vendzelis, Luna Gravdal og Ole Johannes Larsen Bjelland
Bilde under: Styreleiar Tobias Fredheim Sunde

Ungdom styrer sjølve
Både på Husnes og i Rosendal har ungdommane eigne styre. På Husnes fekk vi møte:

  • Tobias Fredheim Sunde (styreleiar)
  • Sander Brix
  • Gabriele Vendzelis
  • Luna Gravdal
  • Ole Johannes Larsen Bjelland

Styret møtest ein gong i månaden og gir innspel til:

  • arrangement og aktivitetar
  • mat og meny
  • kva pengane blir brukte til
  • vedlikehald av utstyr
  • problemstillingar på basen

Vi vart imponerte over kor engasjerte og ansvarsfulle dei er – verkelege rollemodellar!

Bilde over: Gamingrommet er flittig brukt

Bilde under:
Kristine Mikkelsen og Britt Irene Lie (Begge er utekontaktar).
Dei lagar mat og ivaretar ungdommane under måltidet kvar mandag.

Det var god stemning og prat rundt borda.

Vi fann også Vegard Røssland og Magnus Ludvigsen i full aktivitet rundt biljardbordet. Dei smilte breitt og sa:

«Kjekkaste ungdomsbasen i landet!»

Gåver frå Kvinnheradstiftinga

Same året tildelte Kvinnheradstiftinga totalt 1 million kroner til ungdomsbasane.
Det har mellom anna gått til:

  • Møblar, kjøkkenutstyr og anna utstyr
  • Gamingrom
  • Biljardrom
  • Mat
  • Vårspretten (natt til første mai) og 16 mai arrangementet.
    Begge to store rusfrie arrangement som samlar ungdom til mat, samver og aktivitetar

Eit mangfald av aktivitetar

Ungdomsbasane har tilbod som:

  • Gamingrom
  • Musikkrom
  • Biljardrom med to bord
  • Bordtennis med to bord
  • Stillerom for film og samtale
  • Air hockey
  • Fotballspel
  •  Hobby/aktivitetsrom / lekse rom

Rørt og stolte etter besøket på Ungdomsbase Sør – her får ungdommar fellesskap, aktivitet og varm middag kvar veke!
-Sør har ope mandag, onsdag, torsdag og søndag
-Nord har ope mandag og torsdag

Tusen takk for at vi fekk koma på besøk. Takk til Arve Rødland, Ungdomsleiar og Vigdis Gammelsæther, Avdelingsleiar Familiestøtte, for inkludering i kva som skjer på Ungdomsbasen
Vi reiser heim att fulle av gode inntrykk – og stolte av å få støtta dette viktige tilbodet til ungdom i Kvinnherad.