Gåvetildeling
Det vart ei varm og minnerik gåveutdeling, fylt med gode møte, ekte engasjement og stor glede over alt som rører seg i lokalsamfunnet vårt. For oss betyr det mykje å få samle så mange eldsjeler, lag, organisasjonar og gode krefter på éin og same stad.
I år fekk vi dele ut 6,2 millionar kroner i gåver til prosjekt og tiltak som vil skape aktivitet, fellesskap og utvikling vidare. Samstundes er vi glade for å kunne opne for ei ny søknadsramme, Frivilligløftet 2026, på 2 millionar kroner til nye søknader.
Vi vil gjerne sei ei hjarteleg takk til alle som var med på festen både gåvemottakar, samarbeidspartnarar og gjester.
De bidreg kvar på dykkar måte til å gjere lokalsamfunnet varmare og meir levande.
Takk for praten, for engasjementet, for innsatsen og for at de var med og gjorde kvelden så fin.
Bilder seier meir enn ord:











































