2025 har vore eit år fylt av engasjement, sterk dugnadsånd og fellesskap.
Gjennom heile året har frivillige i lag og organisasjonar lagt ned ein imponerande innsats for lokalsamfunna våre. Det er de som gir liv til aktivitetane, skaper møteplassar og sørgjer for at gode idéar vert til handling.
Kvinnheradstiftinga har i 2025 hatt gleda av å dela ut gåver for 14 millionar kroner til ei rekkje formål. Frå aktivitetar for barn og unge, til kultur, inkludering, folkehelse og omsorg.
Dei 166 gåvene gjer det mogleg å realisera prosjekt og styrkja tilboda, men utan dei frivillige hadde det ikkje skjedd noko. Vi bidrar med gåver, men det viktigaste er kva de som frivillege bidrar med.
Det er de som planlegg, organiserer, gjennomfører og stiller opp ofte på fritida og alltid med stort engasjement.
Vi har mellom anna opplevd:
- frivillige som skaper trygge og meiningsfulle fritidstilbod for barn og unge
- eldsjeler som tek vare på lokal kultur, idrett og tradisjonar
- lag og foreiningar som opnar dørene for fellesskap, deltaking og mangfald
- frivillege som ser andre, og som gjer ein forskjell der dei bur
Bileta frå gåveutdelingane i år viser nettopp dette mangfaldet, ulik alder, interesser og uttrykk, men med eit felles mål:
å bidra til eit levande og inkluderande lokalsamfunn.
Vi vil rette ei stor og oppriktig takk til alle frivillige som har vore med i 2025. Innsatsen dykkar betyr meir enn ord kan beskriva, og verdien de skaper varer langt utover det ein kan måla i kroner.
Takk for engasjementet, tida og omsorga de deler.
Vi gler oss til å følgja dykk vidare , vi er på lag med dei frivillege også i åra som kjem.
































