Tre solrike dagar med fest, forteljingar og fellesskap

«Gratulerer Sunde og Kvinnherad med offisiell opning av Sunde kyst- og litteratursenter, Bergslagen.
Tre flotte, solfylte festdagar fullspekka med program har i helga markert opning av senteret.
Eldsjeler, sunnhordlandske forfattarar, musikarar og kunsterar har i helga bidratt til å skapa begeistring hos gjester og bygdefolk med fest, song og musikk, film, dikt og tekstlesing.
Huset, kaien og verkstaden på Bergslagen har heilt sidan 2010 blitt restaurert og bygd om til eit senter som viser våre djupe røter i kystkulturen. Historiske røter hand i hand med litteratur frå fortid og notid, musikk og fellesskap, gjer Bergslagen til ein heilt unik stad på Sunde og i Sunnhordland.
Det er eit imponerande arbeid som har blitt gjort på staden dei siste 15 åra. Kvinnheradstiftinga har hatt glede av å vere med som ein av svært mange bidragsyterar.
Kvinnheradstiftinga vil ynskje lukka til med Kyst- og litteratursenteret framover og gler oss i lag med alle som har stått på for at dette har blitt ein realitet.










