For ein kveld det vart – tusen hjarteleg takk!

Vi vil rette ei stor og varm takk til alle som deltok på tildelingsfesten måndag 10. november. Det vart ei feiring av fellesskap, engasjement og frivillig innsats – akkurat slik vi håpa på.

Stemninga i salen var prega av glede, stoltheit og ekte lokalt samhald. Det var rørande å sjå så mange eldsjeler frå lag og organisasjonar i heile kommunen, samla for å dele erfaringar, idéar og inspirasjon.

Hausttildelinga 2025 fordelte nær sju millionar kroner til 81 lag og organisasjonar som gjer lokalsamfunnet rikare – med innsats for idrett, kultur, møteplassar og frivillig aktivitet.

Vi er stolte over å få vere ein del av denne historia, der verdiane som blir skapte lokalt, kjem tilbake til lokalsamfunnet.
Det er utbytet frå SpareBank 1 Sør-Norge som gjer det mogleg for oss å dele ut gåver – år etter år.
Skapt lokalt – går vidare til dei som skapar aktivitet.

Ein særleg takk går til alle gjestene som bidrog til at kvelden vart så vellukka.
Og takk for varme ord og smil!

Vi tek med oss denne gode stemninga vidare – og ser fram til mange nye prosjekt, samarbeid og møte framover.

Tusen takk
– frå alle oss i Kvinnheradstiftinga

Bilete frå festen
Fotograf: John Asle Hansen