Lokale krefter – lokale leverandører

Våren 2024 blei Åsen eit trivelegare turmål, takka vere fint samarbeid mellom folk som bur i bygda og Omvikdalen Idrettslag.
Med god støtte frå Kvinnheradstiftinga kunne Omvikdalen IL gjennomføra prosjektet Opptur på Åsen.
Eit tiltak som har gitt varige verdiar for nærmiljøet.

Fire solide benkar frå Kvinnherad Vekstbedrift AS, ei bålpanne med tilbehøyr frå Bondekompaniet, og mange ivrige dugnadstimar gjorde det mogleg å skapa ein koseleg samlingsplass for store og små.

Alt er gjort på dugnad. Det er eit godt døme på lokal innsatsvilje og gode initiativ.

No kan alle som tar turen opp på Åsen nyta både utsikta og kvila seg – på benkar som står støtt i terrenget, og rundt ei bålpanne som innbyr til varme møte og gode samtalar.

Tusen takk til Kvinnheradstiftinga for raus gåve og viktig støtte skriv Omvikdalen IL i sin sluttrapport .
Dette er ein opptur – for både folk og fjell!