Ein fin start på tildeling av gåver hausten 2025 – 11 nye gåver på til saman 297 000 kroner

Frivilligheita er ein berebjelke i lokalsamfunnet vårt. Den skapar fellesskap, gjev rom for opplevingar og byggjer møteplassar på tvers av generasjonar. Difor er Kvinnheradstiftinga stolte over å kunna tildela 11 gåver på til saman 297 000 kroner til lag og organisasjonar som står på for andre.

Denne gongen har gåvene gått til:

  • Husnes og Holmedal Sokn – Korseminar, kr 30 000
  • Rosendalsstiftinga – Fjellhagen i Steinparken, kr 28 000
  • Kvinnherad Golfklubb – Oppgradering av kjøkken, kr 29 000
  • Stord Bordtennisklubb – Oppgradering av bordtennishallen, kr 15 000
  • Rosendal Bygdelag – Tursti i Svartedalen, kr 30 000
  • Varaldsøy Bygdalag – Oppgradering av el-anlegg, kr 30 000
  • Husnes Indremisjon – Gassgrillar til ungdomsarbeidet, kr 15 000
  • Kvinnherad Røde Kors – Headset og samband, kr 30 000
  • Uskedal Musikklag – Ny kornett, kr 30 000
  • Husnes Jazzklubb – 45-årsjubileum, kr 30 000
  • Foreininga Spinae Sunnhordland – Miksepult, kr 30 000

Desse tiltaka syner breidda i frivilligheita – frå musikk og kultur, til idrett, ungdomsarbeid, turliv og beredskap. Alle prosjekta har det til felles at dei gjer lokalsamfunnet rikare og varmare.

Vi takkar dei frivillige som med dugnadsånd og innsats gjer dette mogleg.

Bildet er frå gåvetildeling våren 2025.Fotograf: John Asle Hansen