Du kan vere med å påverke
Bankkundar i Kvinnherad vel representantar til generalforsamlinga i stiftinga.
Desse representerer kundane og vel mellom anna styret.
SpareBank 1 Stiftinga Kvinnherad er ein av dei største eigarane i
SpareBank 1 Sør-Norge og kan difor dele ut betydelege midlar til frivillige lag og gode tiltak i Kvinnherad.

15 . april kl. 18.00 Banklokalet på Husnes, Bogsnesvegen 3A

Kven kan delta?
Du kan delta dersom du dei siste 6 månadene har:
•vore kunde i SpareBank 1 Sør-Norge
•hatt bustadadresse i Kvinnherad
•hatt minst kr 2 500 i banken

Forslag på kandidatar
I 2026 skal det veljast 3 medlemmer og 5 varamedlemmer.
Forslag må sendast skriftleg (e-post eller brev) til valkomitéen v/leiar seinast 7 dagar før valet.

Opplysningar om kandidat og forslagsstillar:
•Namn
•Adresse
•Telefon
•E-post(oppgi for begge)


Valkomitéen set opp forslag til kandidatar og legg fram prioritert valliste på valmøtet.
Les meir om valet og kandidatforslag

For valkomiteen Arne Langeland leiar T: 951 21 295 E: arne.langeland22@gmail.com