Kvinnheradstiftinga har no delt ut dei fyrste gåvene for 2026.
Med 19 tildelingar på til saman kr 444 600 set vi frivillig innsats i arbeid i bygder og lokalsamfunn.
Dette er pengar som raskt blir til handling. Barn får nye tilbod, ungdom får betre møteplassar, frivillige får betre rammer for arbeidet sitt, og lokalsamfunn får løft der det er størst behov.
Frivillige skapar det som betyr noko
Bak kvar einaste søknad står menneske som brukar fritida si på andre. Dei øver, ryddar, trenar, byggjer, organiserer, lagar konsertar, held møteplassar opne og tek ansvar for at fleire kan vere med.
I denne runden fekk vi inn 41 søknader på over éin million kroner. Det viser kor stort engasjementet er og kor mange gode prosjekt som finst i regionen. Gjennom denne tildelinga kan 19 av desse no setjast ut i livet.
Frå matglede i barnehagen og aspirantkonsert i kyrkja til nye idrettstilbod, tryggare turstiar, betre ungdomslokale og meir støtte til pårørande. Breidda i prosjekta speglar breidda i frivilligheita.
Takk til dykk som gjer det mogleg
Kvinnheradstiftinga ønskjer å vere ein aktiv medspelar for dei som skapar aktivitet og fellesskap der folk bur.
Men det er dei frivillige som gjer jobben. Det er dei som stiller opp, tek ansvar og får ting til å skje.
Tusen takk til alle lag, foreiningar og eldsjeler som no set desse midlane i arbeid.
De byggjer ikkje berre prosjekt, de byggjer levande lokalsamfunn.
Vi gler oss til å følgje prosjekta vidare og sjå korleis dei skapar aktivitet, glede og samhald.
Her er gåvemottakere tildeling nr 1-2026:

Overskot frå SpareBank 1 Sør-Norge blir til aktivitet i lokalsamfunnet.
Gjennom Kvinnheradstiftinga kjem midlane tilbake til dei frivillige som skapar liv og fellesskap.
Under er bilder frå aktivitet i Kvinnherad Arena
Fotograf: John Asle Hansen








