God sommar frå Kvinnheradstiftinga!

Kvinnheradstiftinga vil ynskja alle ein strålande fin sommar!
Vi heiar på dykk som kvar dag legg ned ein innsats for fellesskapet – frivillige som gjer ein forskjell som ingen andre kan måla seg med.
Takk for alt de gjer!

Så langt i 2025 har vi delt ut over 7 millionar kroner til små og store prosjekt som styrkjer frivilligheit, samhald og gode møteplassar i Kvinnherad.
Vi er ikkje ferdige! Nye tildelingar står klare til å skifta eigar til hausten – vi gler oss til å følgja alt det gode som skal skapast vidare.

Saman skal vi løfta fram nye prosjekt og tiltak som bidreg til eit levande og inkluderande lokalsamfunn.

Hugs:
✅ Søknadsportalen for tilskot under kr 30 000 er open, du finn søknadsskjema på nettstaden vår
✅ Søknadsportalen for tilskot over kr 30 000 opnar 9. september.

Vi ønskjer alle ein sommar full av fellesskap og gode opplevingar.
I haust er vi klare til å støtta nye idear som gjer Kvinnherad endå betre!

God sommar – og takk for at de bidreg til eit varmare samfunn!