
1. Kven er Bente Marie?
Korleis vil du presentera deg for dei som ikkje kjenner deg frå før?
Eg er 52 år og bur på Sæbøvik. Er sambuar og har to vaksne born på 26 og 31 år. Har òg to barnebarn på 3 og 7 år, i tillegg ein fin bonusflokk.
Har bakgrunn som grafikar og arbeidde 20 år i reklamebyråbransjen, med merkevarebygging som favorittema. Deretter gjekk eg over til ei stilling som marknadsansvarleg.
Frå 2013 har eg vore dagleg leiar i Zenit Engineering as og Kvinnherad Næringsservice .
Desse åra har eg hatt det svært kjekt og møtt mange flotte folk som vil det same:
Kvinnherad skal vera ein god plass å bu også i framtida.
2. Kva gjorde at du fekk lyst til å bli dagleg leiar i Kvinnheradstiftinga?
Eg får moglegheita til å bidra i den verdiskapinga Kvinnheradstiftinga står for, og det passar godt med det eg brenn for. Eg vil at Kvinnherad skal vera ein attraktiv kommune å bu i. Me har spennande arbeidsplassar, men også eit godt hjartevarmt samfunn og gode tilbod på fritida.
Alt heng saman med alt. Skal me klara å rekruttera arbeidskraft og familiar hit, må det vera gode tilbod også på fritida. Det Kvinnheradstiftinga bidreg med synest eg er fantastisk.
3. Kva gler du deg aller mest til i den nye jobben?
Ser fram til å bli betre kjent med alle dei frivillige som legg ned mykje av si eiga tid for å skapa tilbod for andre enn seg sjølv.
Høyrer mykje takksemd for dei moglegheitene dette gjev Kvinnherad-samfunnet.
4. Du har brei leiarerfaring.
Kva erfaringar trur du blir særleg nyttige i møte med frivillige lag og organisasjonar?
Frivilligheita har, akkurat som næringslivet, ulike drivarar, mennesketypar og mål. Eg vil gjerne bidra til relasjons- og nettverksbygging på tvers av ulike mål og eigne ønske. Det blir igjen verdiskaping mot eit felles mål: at Kvinnherad er ein god stad å bu og veksa opp i.
5. Kva forhold har du sjølv til frivillig arbeid?
Då borna var små, var eg litt engasjert. Etter kvart som dei vaks til, vart det mindre tid og meir jobb.
6. Har du vore med på noko som har gitt deg gode minne eller vist deg kva frivillig innsats betyr?
Var med på å starta handball for jenter på Halsnøy i starten av 2000-talet. Det var fint å oppleva gleda hos småjenter som ikkje hadde lyst til å spela til dømes fotball, når dei fekk eit tilbod og kunne vera med på ein cup av og til. Det var fint å sjå mestring og nye vennskap bli skapt.
7. Kva meiner du er viktig for å få til eit godt samarbeid mellom stiftinga og dei frivillige organisasjonane?
Eg trur på god kommunikasjon og tydelege forventningar. Frivilligheita er bygd på engasjement og innsats frå mange menneske. Då er det viktig at organisasjonane opplever respekt, tillit og føreseielege rammer. Me må heller ikkje ta kvarandre for gitt, det tenkjer eg er viktig. Me treng kvarandre!
8. Kva ønskjer du at dei som tek kontakt med deg, skal oppleva i møtet med deg?
Eg håpar at dei som tek kontakt med meg, opplever å bli høyrde, få svar og bli møtte på ein positiv og respektfull måte. Ønskjer å vera tilgjengeleg og løysingsorientert. Vil at folk skal sitja att med ei kjensle av at Kvinnheradstiftinga er ein god samarbeidspartnar som vil bidra til gode tiltak i lokalsamfunnet, sjølv om ikkje alle søknader kan bli innvilga.
9. Kva likar du å bruka tida på når du har fri?
I ein travel kvardag er det veldig godt å finna roen heime. Då er det rekreasjon å stella hus og hage. Eg samlar gjerne flokken når me finn tid.
10. Kva vil du seia til alle dei som brukar tid og krefter på å skapa aktivitet og fellesskap i Kvinnherad?
Eg vil retta ei stor takk til dykk alle! Håpar de finn glede i frivilligheita, og motivasjon i at Kvinnheradstiftinga finst og gjer det mogleg å realisera draumane. De gjer ein forskjell!
Og om de ikkje alltid får innvilga ein søknad i éin runde: Prøv igjen neste gong!
