Bilete over visar Rosendal Bygdalag som våren 2026 mottok gåve på kr 1 000 000 til 2 volleyballbanar.
No er banane realisert og aktiviteten er i full gang.
Har de ein idé eller kanskje ein draum som ligg og ventar ?
Tysdag 8. september opnar vi haustens søknadsrunde.
Startskotet for tildeling av mange millionar kroner til gode føremål i Kvinnherad, Stord og tidlegare Odda kommune.
Har de ein idé som kan skapa glede, aktivitet eller fellesskap? Då vil vi gjerne høyre frå dykk!
Kven kan søkja?
Frivillege lag, foreiningar og organisasjonar med organisasjonsnummer registrerte i Einingsregisteret.
Det er ein fordel om de også er registrerte i Frivilligregisteret.
Kva kan de søkja om?
- Investeringar og tiltak med langvarig verdi for lokalsamfunnet
- Konkrete tiltak med klårt uttrykt mål, og definert start og ferdigdato
- Prosjekt som styrkjer frivillig engasjement og dugnadsvilje
- Vi prioriterer prosjekt med brei frivillig deltaking og særleg verdi for barn, ungdom og familiar
Vi gjev normalt ikkje støtte til reine driftskostnader (lønn, husleige), sponsormidlar (drakter, reklame) eller allereie gjennomførte prosjekt.
Tips til søknaden
Sjå våre tips til korleis de skriv ein god søknad her: 👉 kvinnheradstiftinga.no der ligg og søknadsskjema
Det fyrste du ser når søknadsskjema blir opna er retninglinene, dei er det lurt å lesa.
Fristen er 6 oktober– det er lurt å starte tidleg.
Lurer de på noko? Ikkje nøl med å ta kontakt – vi er her for å hjelpa alle på god veg! 😊
