2025 har vore eit aktivt og innhaldsrikt år for Kvinnheradstiftinga.
Gjennom året har stiftinga fått vera med på å løfta frivillig engasjement, skapa møteplassar og støtta små og store prosjekt i Kvinnherad, Stord og Odda.
I årsmeldinga kan du lesa meir om arbeidet vårt i 2025, om gåvetildelingane og om nokre av dei mange flotte tiltaka stiftinga har fått vera med på.
I 2025 handsama styret 400 søknader, og det vart delt ut 169 gåver på til saman 13,6 millionar kroner.
Bak tala finn vi frivillige lag, eldsjeler, idrettsglede, kulturarbeid, inkluderande fellesskap, møteplassar, miljøengasjement og prosjekt som skaper aktivitet og utvikling.
Årsmeldinga viser breidda i arbeidet og kor mykje positivt som skjer når frivillig innsats får gode rammer.
Du får òg eit innblikk i stiftinga sitt arbeid, økonomi og korleis midlane vert forvalta for å skapa varige verdiar for lokalsamfunnet.
Vi håpar du tek deg tid til å lesa årsmeldinga. Den fortel ikkje berre om kva Kvinnheradstiftinga har delt ut i 2025, årsmeldinga fortel om alt det fine vi, saman med frivillige lag og organisasjonar, har fått vera ein del av.
Takk til alle frivillige som bidreg med innsats kvar dag.
