Vi held fram med å spreie det glade bodskap! Gåver inntil kr 30 000.

Etter ei stor og minnerik gåveutdeling på heile 6,2 millionar kroner, er det ekstra kjekt å kunna fortelja at me allereie no deler ut nye gåver. Denne gongen får 16 prosjekt støtte frå Kvinnheradstiftinga, med til saman 400 000 kroner.

Dette er både kjekt, givande og inspirerande. Rundt om i lokalsamfunna våre er det mange som brukar tid, krefter og engasjement på å skapa aktivitet, møteplassar og gode opplevingar for andre. Det heiar vi på.

I denne søknadsrunden fekk vi inn 39 søknader, og 16 prosjekt gjekk av med sigeren.
Prosjekta viser eit flott mangfald frå idrett og kultur til friluftsliv, forsamlingshus, utstyr, konsertar og møteplassar.

Gratulera

Desse prosjekta får støtte:

16 gåver kr 400 000