15 år for lokalsamfunnet


Sidan etableringa 1. november 2010 – etter salet av Kvinnherad Sparebank til SpareBank 1 SR-Bank – har vi vore ein aktiv støttespelar for frivilligheita, lokalt engasjement og gode prosjekt i heile kommunen.

Verdiane som ein gong vart skapte lokalt gjennom Kvinnherad SpareBank, blir framleis skapte – no gjennom SpareBank 1 Sør-Norge – og utbytet kjem årleg tilbake til lokalsamfunnet gjennom stiftinga.

Og desse gåvene har blitt til mange fine prosjekt:
– nye møteplassar for unge og eldre
– kulturarrangement og friluftstiltak
– utstyr og aktivitetar for lag og foreiningar
– tryggare og meir inkluderande nærmiljø
– prosjekt som byggjer fellesskap og framtidstru
– flottaste idrettshallen på Vestlandet – Kvinnherad Arena
– ballbingar og fotballbanar
– 1850 gåver – 200 millionar kroner

Gjennom 15 år har vi fått vere med på å forvandle økonomiske verdiar til levande aktivitet.
Det er frivilligheita – alle dei som stiller opp, skapar, inkluderer og byggjer – som gjer dette mogleg.

Når vi no har eit jubileumsår, ser vi attende på ei historie prega av samarbeid, dugnadsånd og lokal utvikling.

Og dette er berre starten. Vi ser fram til å vere ein støttespelar også dei neste 15 åra – til beste for heile kommunen.