top of page

Vedtekter for

SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad

Overskrift 1

Skipa 1. november 2010
Vedtekter vart sist reviderte av Generalforsamlinga 01.06.2023

1 Alminnelege reglar

 

§ 1-1 Firma og forretningskontor

Stiftinga sitt namn er SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad.

Stiftinga sitt forretningskontor er i Kvinnherad kommune. 

 

§ 1-2 Føremål

Stiftinga sitt føremål er å forvalta dei eignelutar som stiftinga vart tilført ved skipinga, og å stå for eit langsiktig og stabilt eigarskap i SpareBank 1 SR-Bank ASA.

 

Stiftinga skal i tillegg plassera midlane på ein føremålstenleg og trygg måte ut frå omsynet til trygd, risikospreiing, likviditet og avkasting.

 

Stiftinga sitt føremål skal vidare vera å gje bidrag til ålmennyttige føremål. Ved disposisjonane sine skal stiftinga først og fremst ta omsyn til det distriktet som har bygd opp kapitalen til tidlegare Kvinnherad Sparebank.

 

Ved verksemda si skal stiftinga støtta SpareBank 1 SR-Bank ASA i deira vidareføring av sparebanktradisjonane.

 

Elles kan stiftinga stå for anna verksemd som kan sameinast med nemnde føremål og dei rammer som til ein kvar tid fylgjar av regelverket for sparebankstiftingar.

§ 1-3 Stiftinga sin kapital

Stiftinga vart skipa med ein samla kapital på kr 350 000 000 fordelt på 6 069 934 aksjar, kvar pålydande kr 25, i SpareBank 1 SR-Bank ASA og eit kontantbeløp på kr 20 000 000. Grunnkapitalen er på kr 151 748 350.

 

Aksjar og andre verdiar som stiftinga måtte få utover dei eignelutar som stiftinga vart tilført ved skipinga som vederlag for bokførte verdiar i Kvinnherad Sparebank, kan nyttast av styret innan dei rammer som vedtektene set eller som elles er trekte opp av generalforsamlinga.

 

 
§ 1-4 Utferding av eigenkapitalbevis og opptak av lån

Stiftinga kan utferda eigenkapitalbevis og ta opp lån i samsvar med dei rammer som til ei kvar tid går fram av lov om stiftingar og anna lovgjeving.

2 Stiftinga sine organ

§ 2-1 Organa

Stiftinga skal ha generalforsamling, styre, valkomité og dagleg leiar. 

 

 
§ 2-2 Val av generalforsamlinga

Generalforsamlinga skal ha 15 medlemer og 5 varamedlemer. Generalforsamlinga si samansetjing skal spegla kundestrukturen i Kvinnherad Sparebank som oppretta stiftinga, andre interessegrupper og samfunnsmessige interesser knytt til sparebankstiftinga si verksemd.

 

Kundane skal velja 15 medlemer og 5 varamedlemer. Kvart år skal det haldast kundeval, der dei som har 4 års tenestetid av dei kundevalde medlemene av generalforsamlinga går ut.

 

Medlemene skal veljast av og blant personkundar som dei siste 6 månadane før kunngjeringa av valet har hatt bustadadresse i Kvinnherad kommune og har hatt innskot i SpareBank 1 SR-Bank ASA med over eit bestemt beløp som vert fastsett av styret i stiftinga. Ingen kunde kan gje meir enn ei stemme.

 

Generalforsamlinga sine medlemer vert valde for 4 år. Varamedlemer vert valde for 1 år. Vala til generalforsamlinga skal gjennomførast innan utgangen av april månad. Attval kan finna stad. 

 

Generalforsamlinga vel sjølv sin leiar og nestleiar for eitt år om gangen.

Val av medlemer eller varamedlemer av generalforsamlinga skal skje innanføre den til ei kvar tid gjeldande lovgjeving.

 

Medlemer og varamedlemer av generalforsamlinga må ikkje vera tilsett i SpareBank 1 SR-Bank konsernet. Dei må heller ikkje ha tillitsverv eller vera tilsett i selskap som konkurrerer med selskap i SpareBank 1 SR-Bank konsernet. Dersom noko medlem kjem i ein slik situasjon, kjem første varamedlem inn i vedkomande sin stad. Dersom ein varamedlem kjem i nemnde situasjon, går vedkomande ut som varamedlem. 

 

 

§ 2-3 Møta i generalforsamlinga

Innan 1. juli kvart år skal stiftinga gjennomføra ordinær generalforsamling. Generalforsamlinga vert gjennomført der stiftinga har forretningskontor.

 

I den ordinære generalforsamlinga skal følgjande saker handsamast og avgjerast: 

1. Godkjenning av årsrekneskap og årsmelding

2. Vedta etter framlegg frå styret, bruk av året sitt overskot, herunder kor stor del av året sitt overskot som skal nyttast til gåveføremål.

3. Fastsetjing av revisor si godtgjersle.

4. Val av leiar og nestleiar av generalforsamlinga.

5. Val av styremedlemer, styrevaramedlemer, styreleiar og nestleiar, jf. § 2-4

6. Val av medlemer til valkomité, jf. § 2-5

7. Fastsetja godtgjersle til alle tillitsvalde i stiftinga.

 

Det ligg og til generalforsamlinga sin kompetanse å:

8. Føra tilsyn med stiftinga si verksemd

9. Vedta gransking

10. Gjennomføra val av revisor

11. Handsama og avgjera andre saker som etter lov eller vedtekter høyrer under generalforsamlinga som saksførebuande, rådgjevande eller avgjerande organ.

 

I tillegg skal generalforsamlinga etter framlegg frå styret handsama:

12. Endring av stiftinga sine vedtekter

13. Omdanning av stiftinga

14. Avhending av aksjar i SpareBank 1 SR-Bank ASA som stiftinga vart skipa med.

15. Ta stilling til endringar i SpareBank 1 SR-Bank ASA sin organisasjon og verksemd som skal avgjerast av banken sine aksjonærar slik som  fusjon eller fisjon av banken eller avhending av ein vesentlig del av SpareBank 1 SR-Bank ASA si verksemd.

16. Oppløysing av stiftinga

 

Generalforsamlinga vert innkalla av styret. Ved kjent forfall vert varamedlem innkalla.

 

Styret kan avgjera at det skal kallast inn til ekstraordinær generalforsamling. Styret skal innkalla til ekstraordinær generalforsamling når revisor eller minst 2 medlemer av generalforsamlinga skriftleg krev det for å få handsama eit bestemt oppgitt emne.

 

Innkalling til generalforsamling skal innehalda opplysingar om tid og stad for møtet, og dei saker som skal handsamast på generalforsamlinga. Innkalling til ordinær generalforsamling skal sendast seinast 14 dagar før generalforsamlinga. Innkalling til ekstraordinær generalforsamling skal sendast seinast 7 dagar før generalforsamlinga om ikkje ein lengre frist følgjer av den til ei kvar tid gjeldande lovgjeving.

 

Ein medlem har rett til å få handsama ei sak meldt skriftleg til styret innan ei veke før møtet i generalforsamlinga vert halde.

 

Kvart einskild medlem av generalforsamlinga har ei stemme i generalforsamlinga. Generalforsamlinga kan ta avgjerd når minst halvparten av medlemene er til stades. Ei avgjerd av generalforsamlinga krev simpelt fleirtal av dei gjevne stemmene om ikkje anna er fastsett i lov eller vedtekter.

 

Avgjerd om å oppløyse stiftinga og om å endre stiftinga sitt føremål i andre tilfelle enn ved samanslåing krev tilslutnad frå alle som deltek i møtet(samrøystes vedtak). Andre avgjerder som er nemnt i punkt 12 til 16 krevtil slutnad frå minst 2/3 av dei som deltek i møtet. Avgjerd om oppløysing og om å endra vedtektene skal føreleggast rette styremakter for godkjenning.

 

Styreleiar skal møta på generalforsamlinga. Dei andre styremedlemene og dagleg leiar har møterett. Det skal førast protokoll over forhandlingane. Protokollen skal underskrivast av møteleiaren og to andre personar som vert utpeika av generalforsamlinga mellom dei som er til stades.

 

 

§ 2-4 Styret

Stiftinga skal ha eit styre på 4 medlemer og 3 varamedlemer.

 

Styret skal ha det mynde og ansvar som følgjer av den til ei kvar tid gjeldande lovgjeving og desse vedtektene

 

Styremedlemer, her under styreleiar, vert valde av generalforsamlinga for to år om gongen. Styrenestleiar vert vald for eitt år. Attval kan finna stad. 

 

Samansetjinga av styret skal reflektera samansetjinga av dei grupper som har stemmerett på generalforsamlinga. Medlemer og varamedlemer av styret skal fylla dei krav som følgjer av den til ei kvar tid gjeldande lovgjevinga. 

 

Medlemer og varamedlemer av styret må ikkje vera tilsett i SpareBank 1 SR-Bank konsernet. Dei må heller ikkje ha tillitsverv eller vera tilsett i selskap som konkurrerer med selskap i SpareBank 1 SR-Bank konsernet.  Dersom noko medlem kjem i ein slik situasjon kjem første varamedlem inn i vedkomande sin stad. Dersom det er varamedlem som kjem i nemnde situasjon, går vedkomande ut som varamedlem.

 

 

§ 2-5 Valkomité

Valkomitéen skal ha 5 medlemer valde av og mellom medlemmene i generalforsamlinga.

Medlemene vert valde for 2 år. Dei to/tre med lengst tenestetid går ut kvart år.

Generalforsamlinga vel leiar av valkomiteen for eitt år.

Generalforsamlinga sin leiar og nestleiar skal koma med framlegg til generalforsamlinga på medlemer av valkomiteen.

 

Valkomitéen skal koma med framlegg på kandidatar til:

a) kundane sitt val av medlemer og varamedlemer til generalforsamlinga,

b) val av leiar og nestleiar av generalforsamlinga,

c) generalforsamlinga sitt val av medlemer og varamedlemer til styret,

d) generalforsamlinga sitt val av leiar og nestleiar av styret,

e) generalforsamlinga sitt val av revisor.

 

Valkomiteen skal førebu vala, her under ta omsyn til at samansetjinga av generalforsamlinga skal spegla kundestrukturen i Kvinnherad Sparebank som skipa stiftinga, andre interessegrupper og samfunnsmessige interesser knytt til sparebankstiftinga si verksemd.

Valkomitéen skal i arbeidet med framlegg til styremedlemer/styreleiar alltid søkja informasjon frå styreleiar,styremedlemer, dagleg leiar og andre.

Tilsette eller styremedlemer i stiftinga kan ikkje vera medlemer av valkomitéen.

 

Vala skal organiserast av styret i stiftinga. Valet av kundane sine medlemer til generalforsamlinga skal kunngjerast i minst ei lokalavis seinast 14 dagar før valet skal finne stad, og elles slik styret bestemmer. Valet kan gjennomførast ved oppmøte, brev, elektronisk post eller valsystem, eller anna forsvarleg måte etter styret si nærare avgjerd.

 

Valkomitéen skal koma med framlegg til godtgjersle for tillitsvalde og gje tilråding om revisor sitt krav på godtgjersle bør godkjennast.

 

§ 2-6 Tenestetid tillitsvalte

Eit valt varamedlem, medlem, nestleiar og leiar av generalforsamlinga, valnemnd eller styret kan ikkje ha dette vervet i lengre enn 12 år samanhengande tidsrom, eller ha desse tillitsverva i eit lengre samla tidsrom enn 20 år. Samla tenestetid gjeld uavhengig av verv i stiftinga

 
§ 2-7 Forvalting av stiftinga sine midlar

Styret forvaltar stiftinga sine midlar eller fastset nærmare retningslinjer for dette. Styret skal sjå til at stiftinga sine midlar vert forvalta i samsvar med stiftinga sitt føremål, jf. § 1-2, og at verksemda er i samsvar med dei til ei kvar tid gjeldande reglar og stiftinga sine vedtekter.

 

 
§ 2-8 Disponering av stiftinga sine midlar

Styret syt for utdeling av gåver innanfor dei rammer som er trekte opp av generalforsamlinga om bruk av året sitt overskot. Styret kan overlata til generalforsamlinga å ta avgjerd om utdeling til einskilde gåveføremål.

 

        
§ 2-9 Styret si sakshandsaming

Styret skal handsama saker i møte med mindre styreleiar finn at saka kan handsamast skriftleg eller på annan trygg måte. Årsrekneskap og årsmelding skal handsamast i møte. Dagleg leiar skal møta i styremøta.

 

Styreleiar skal syta for handsaming av aktuelle saker som høyrer inn under styret. Styremedlemene kan krevja at styret handsamar bestemte saker. Styrehandsaming skal varslast på føremålstenleg måte og med rimeleg frist.

 

Styret kan ta avgjerd når meir enn halvparten av medlemene deltar i styrehandsaminga. Styret kan likevel ikkje ta avgjerd utan at alle styremedlemene, og ved kjent forfall eventuelle varamedlemer, så vidt mogeleg er gitt høve til å delta i handsaminga av saka.

 

Ei avgjerd av styret krev at eit fleirtal av dei styremedlemer som tar del i handsaminga av ei sak, har stemt for. Ved likt stemmetal gjeld det somstyreleiar har stemt for. Er styreleiar ikkje til stades, gjeld det som møteleiaren har stemt for.

 

Det skal førast protokoll over styrehandsaminga.

 

 

§ 2-10 Inhabilitet

Eit styremedlem må ikkje ta del i handsaming eller avgjerd av spørsmål som har slik særleg betyding for eigen del eller for nokon nærståande, at medlemen må seiast å ha personleg eller økonomisk særinteresse i saka.

 

Eit styremedlem kan heller ikkje ta del i sakshandsaminga eller avgjerda når vedkomande eller nokon nærståande har stilling eller tillitsverv i ein privat eller offentleg institusjon, organisasjon eller et føretak som har økonomisk eller annan særinteresse i saka, eller når vedkommande i slik eigenskap tidlegare har teke del i handsaminga av saka. Ved offentleg stilling eller verv er vedkomande likevel ikkje inhabil i saker som gjeld disponering av midlar til fordel for det offentlige.

 

 
§ 2-11 Representasjon

Styreleiar eller to av styret sine medlemmer i fellesskap teiknar stiftinga sitt firma. Styret kan gje prokura og spesialfullmakter.

 

 

§ 2-12 Dagleg leiar

Styret kan tilsetja dagleg leiar. Dersom omfanget av dei oppgåver som skal utførast av den daglege leiinga tilseier det, kan styret i staden inngå oppdragsavtale med person eller selskap om utføring av oppgåvene som dagleg leiar. 

 

Dagleg leiar står for den daglege leiinga av stiftinga si verksemd, og skal følgja dei retningsliner og pålegg styret har gjeve. Dagleg leiar skal effektuera dei utdelingar stiftinga gjer, og syta for at det blir allment kjent at midlane stammar frå SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad. Den daglege leiinga omfattar ikkje saker som er av uvanleg art eller har mykje å seia. Dagleg leiar skal syta for at selskapet sine rekneskap er i samsvar med lover og forskrifter, og at formuesforvaltinga er ordna på ein trygg måte. 

 

Dagleg leiar må ikkje vera tilsett i SpareBank 1 SR-Bank konsernet. Dagleg leiar kan heller ikkje ha  tillitsverv eller tilsetjing i selskap som konkurrerer med SpareBank 1 SR-Bank Konsernet.

3 Andre tilhøve
§ 3-1 Disponering av årsoverskot – dekking av underskot

Stiftinga sitt overskot skal disponerast i samsvar med stiftinga sitt føremål, jf. § 1-2 innanfor dei rammer som følgjer av den til ei kvar tid gjeldande lovgjeving.

 

Underskot, etter styret sine disponeringar, vert dekka først av fri eigenkapital, deretter av grunnkapitalen.

 
 
§ 3-2 Disponering av stiftinga sine midlar ved oppløysing av stiftinga

Ved oppløysing skal stiftinga sine midlar gå til fremjing av sparebankverksemd etter nærare avgjerder tekne av generalforsamlinga. 

 

Som sparebankverksemd vert i denne samanheng også rekna fremjing av SpareBank 1 SR-Bank ASA si verksemd under føresetnad av at banken driv verksemd i dei distrikt der Kvinnherad Sparebank dreiv verksemd tidligare.

 

Dersom sparebankverksemda i Kvinnherad kommune er lagt ned, kan stiftinga sine midlar ved oppløysing gå til etablering av ein ny sparebank i Kvinnherad kommune. Avgjerd om disponering av stiftinga sine midlar ved oppløysing skal føreleggast rette styremakter for godkjenning.

bottom of page