Bente Lie Nilsen
-Tykkjer det er ekstra kjekt å lese søknadane som kjem inn til oss.

I Matre finn me Torill Lyngnes. Ho er fastmøtande varamedlem i styret i Sparebank 1-stiftinga. Eit verv ho har hatt sidan i fjor haust. Torill har si fartstid frå bensinstasjonen og nærbutikken i Matre.
– Eg har alltid engasjert meg i frivillig arbeid. I starten handla det mykje om barnehage og skule. Seinare har eg stort sett vore aktiv i idretts- og bygdalag. Det er viktig å engasjera seg i lag og organisasjonar, enten bygda er liten eller stor. Ho opplever at det lokale engasjementet er både sosialt og kjekt.
Torill meiner det er viktig at alle frivillige lag og organisasjonar, små og store, skjønar at dei kan søkje midlar i Sparebank 1-stiftinga. Stiftinga er for heile Kvinnherad. Her får dei høve til å utvikle seg og gjennomføre alle typar spennande prosjekt.
Arbeidet i stiftinga har så langt også vore særs givande.
– Det var stort å bli spurt om å få vere aktivt med i styret, etter å ha vore varamedlem ei tid. For kommunen vår er det fantastisk å ha ei stifting med slike økonomiske musklar. Sjølv tykkjer eg det er ekstra kjekt å lese alle søknadane som kjem til oss, og på den måten få innsyn i det enorme mangfaldet som det frivillige arbeidet representerer, seier Torill Lyngnes.