• Magnhild Haugland

Syng med oss i 20 år


Rett før ferien slår til for fullt, hadde vi eit lite kaffebesøk på Rosendalstunet. Her vart vi godt motteke, og fekk ein kjekk prat med tilsette og dei som står bak arrangementet Syng med oss. Eit arrangement som vart starta for over 20 år sidan, og som lever i beste velgåande den dag i dag. Ja, ikkje berre levande, men har og utvikla seg til å innehalda både åresal og underhaldning. Dette til glede for opptil 100 personar annakvar tysdag. Det er imponerande dugnadsarbeid, det!

Ja, tenk det du. Dugnadsarbeid annakvar tysdag, der dei speler opp til allsong av beste sort. Og det fine er jo at sjølv sterkt demente, mest utan kortidshukommelse, ofte kan teksten på melodiar som dei har vakse opp med. Musikk er viktig og kan til tider virke som beste medisin, på alt frå ungdommeleg kjærleiksorg til hjernetrim for eldre.

Så tilbake til vårt mål med besøket. Når ein fyller eit lokale med nærare 100 eldre ungdommar, så bør ein ha eit skikkeleg lydanlegg. Så kva betre start på sommareferien kunne vi få, enn å gje ei gåve til det formålet?


Aud kan gle seg over å få på plass nytt lydanlegg på Rosendalstunet.


Når ein har ein god gjeng ressurspersonar til å ta seg av slike arrangement, så er det utruleg morosamt å høyre kva andre idear som dukkar opp. For utan å gje forhåpningar til dykk som les dette, så kan det fort hende at dei også byr opp til dans.


Ein god drøs rundt bordet. Frå venstre Edgar Bakke, Gunnar Våge, Leif Kongestøl, Aud Skåla Amundsen og Esther Falk

Og til alle som lurer på kva overskotet av åresalet skal gå til etter at anlegget er på plass. Det er ingen fare for at det ikkje er nye prosjekt på gong! Aud har planen klar, og det er vel ingen tvil om at også det vil vera med på å gjera Rosendalstunet til ein betre stad å vera.

Tusen takk for ein kjekke drøs og ikkje minst lukke til vidare.

58 visninger0 kommentarer