• Bente Lie Nilsen

Rekruttering er viktig, det har Langeland Skulekorps forstått.

Laget rekrutterar 15 nye musikantar kvart år, det ligg det mykje arbeid bak.

SpareBank 1 Stiftinga Kvinnherad ynskjer dei lukka til.


Ein ivrig og fornøyd gjeng med musikantar.




Ei oppsummering frå Langeland Skulekorps:

Korpset rekrutterer om lag 15 aspirantar kvart året. Instrumentparken er gammal, og instrumenta me kan tilby nye aspirantar er gamle og ikkje lenger gode. Me kjøpte to trombonar i plast for eit par år sidan og har gode erfaringar med det. Prosjektet me vil gjennomføra er å gjennomføra eit oppstartseminar for nye aspirantar og la desse få byrja å spela på nye kornettar av plast. Ved å få spela på plastkornettar i staden for gamle tradisjonelle kornettar vil aspirantane få ei betre musikalsk oppleving. Det vert leigt inn eigen ekstern instruktør til dette seminaret. Prosjektet vert arrangert i tillegg til den tradisjonelle korpsdrifta. Det er eit eige prosjekt og ikkje ein del av ordinær drift.

17 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle