top of page
  • Forfatterens bildeMagnhild Haugland

Opning av turveg i Uskedalen



Det var den rette ramma rundt opning av turstien over Skårhaug. Sol, skyfri himmel, snødekte toppar Geitadalstind og Englafjell , musikklaget og ikkje minst nyutsprungen bjørk. Legg du til nybaka kaker og kaffi, ja då er det full score for ein perfekt dag. Og det var det verkeleg denne søndagen i mai.



Åse Neset og Jofrid Eik stilte i bunad. Er dei ikkje flotte?

Gjennom to trinn har ein fått bygd ein flott turveg i Uskedalen sentrum. Det er gjennom Uskedalen Friluftslag det er sendt søknader til SpareBank 1 stiftinga Kvinnherad. Tilsaman er det løyvd 280 000,-. Med god dugnadsånd, dyktig lokal entrepenør, Haugland Mjølk og Maskin og midlane frå stiftinga, har ein fått til ein veg som vil stå seg i all slags ver. Det er gjort eit godt stykke arbeid, og som Audun Eik sa; denne vegen vil liggja her i mange hundre år! Det håpar vi du har rett i.



Kristian Bringedal får blomebukett av Audun Eik, for god gjennomføring av prosjektet.








Vi takkar for å få vera med på dette prosjektet, og håper den vert flittig brukt,

60 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page